Rolf Morten Skrede

Rådgjevar

Område

Stad

Publisert

6.8.2026

Søk senest

18.8.2026

Om stillingen

Avdelinga vår på Nordfjordeid har ledig 100% fast stilling som rådgjevar.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som har:

  • Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå

  • Erfaring frå liknande arbeid, og / eller kunnskap om og interesse for arbeidsinkludering

  • God menneskekunnskap med auge for ressursar og utviklingspotensial

  • Evne til å vere motiverande og sjå ulike løysingar til beste for deltakar

  • Har gode samarbeidsevner

  • Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk

For oss er det viktig å ha rett person på rett plass. Personlege eigenskapar vert difor tillagde stor vekt. Har du lyst til å prøve noko nytt og utfordrande, så er kanskje du den vi leitar etter.

Arbeidsoppgaver

Som rådgjevar i Movia vil du få ansvaret for å hjelpe menneske med ulike utfordringar i, eller tilbake i arbeid. Dette inneberer å motivere, støtte og gje tett oppfølging til kvar enkelt tiltaksdeltakar i heile prosessen fram mot arbeid.

Under prosessen vil du ha eit tett samarbeid med Nav, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar. Du må og vere aktiv i arbeidsmarknadane slik at du får innsikt i verksemdene sine behov og bygger tett relasjon til lokalt næringsliv.

Arbeidsoppgåver:

  • Indivduelle rettleiing og kartleggingssamtaler med tiltaksdeltakar knytt til helse og arbeidsliv

  • Finne jobbmoglegheiter basert på deltakar sine interesser, styrker, kompetanse og ferdigheiter

  • Oppsøke aktuelle arbeidsgjevarar og bygge nettverk i lokalt næringsliv

  • Etablere god relasjon til tiltaksdeltakar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartar

  • Utarbeiding og oppfølging av individuelle planar, samt rapportar til Nav og deltakar



Vi tilbyr

  • Ein spennande, utfordrande og meiningsfull jobb

  • Vere ein del av eit større fagmiljø i Movia

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø

  • Høve til å bruke eigne erfaringar, kunnskap og interesser

  • Løn etter avtale

  • God pensjonsordning

Tilbake til toppen

Rolf Morten Skrede

Bedrift

Rolf Morten Skrede

Søk etter flere lignende stillinger

StadKontor og økonomi

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.

Senior Process Engineer

Ikm Gruppen AS

Bærum10.9. - 4.10.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS