Ina Trengereid

Rådgjevar

Område

Kinn

Publisert

6.5.2026

Søk senest

19.5.2026

Om stillingen

Blir du motivert av å arbeide med menneske og ønskjer å bidra til at fleire får betre levekår og meistring i eige liv? Har du tru på at alle, uansett livssituasjon, har ressursar å byggje vidare på? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du arbeider tett med brukarane og bidreg til heilskapleg oppfølging gjennom dei sosiale tenestene i Nav. 

Nav Kinn er eit kontor med to lokasjonar - Florø og Måløy- og 34 tilsette som saman jobbar for å gi gode tenester til innbyggjarane i kommunen. No søkjer vi ein rådgjevar i 100 % fast stilling og vi har ledig vikariat til kontoret vårt i Florø, i avdeling brukarsenter.

Vi er ein lærande organisasjon som er opptatt av tverrfagleg samarbeid og heilskapleg oppfølging. Vi har ansvar for oppgåver innan arbeids- og velferdstenester. Som rådgjevar har ein ansvar for oppfølging, råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester. Vi skal bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leve og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Avklaring og kartlegging er sentrale arbeidsoppgåver, der ein har fokus på barneperspektivet, ungdomsgarantien og kvalifiseringsprogram. 


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, forvaltning og oppfølging av søknader om økonomisk sosialstønad.
  • Råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester.
  • Oppfølging av brukarar med frivillig eller tvungen forvaltning.
  • Oppfølging med fokus på barneperspektivet.
  • Oppfølging av ungdommer med fokus på overgang til arbeid.
  • Økonomisk rådgjeving.
  • Oppgåver i publikumsmottak.
  • Medverke i kommunen sitt bustadsosiale arbeid og sikre mellombels bustad ved behov.
  • Du kan få tildelt arbeidsoppgåver som koordinator i Individuell plan. 

NAV Kinn har to lokasjonar. Du må difor rekne med noko reising mellom Florø og Måløy ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning på bachelornivå som til dømes sosionom, samfunnsvitenskap og juss. Deler av utdanningskravet kan erstattast av lang og relevant erfaring.
  • Erfaring og trives med forvaltningsarbeid.
  • Ønskeleg med juridisk og økonomisk forståelse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode IKT-ferdigheiter og evne til å setje deg raskt inn i nye system og digitale arbeidsverktøy.
  • Kjennskap til NAV sitt samfunnsoppdrag og lovverk.
  • Ønskeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid med brukarar som har sammensatte utfordringar, samt heilskapleg sosialfagleg - og arbeidsretta oppfølging.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Personlege eigenskapar

  • Du er systematisk og strukturert, og arbeider sjølvstendig med eigne saker.
  • Du handterer ein variert og tidvis hektisk arbeidshverdag på ein trygg og stabil måte.
  • Er motivert for og trivast med arbeidsoppgåver med brukarkontakt via samtalar, digitale system og på telefon.
  • Tenkjar heilskapleg rundt brukars situasjon.
  • Ein relasjonsbyggar som likar å arbeide med mennesker og har evne til å skape gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartar.
  • Møter brukarar med likeverd og respekt, samstundes sette grenser og avklare forventningar.
  • Du er nysgjerrig, endringsvillig og open for nye måtar å jobbe på i ein organisasjon i utvikling.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde.
  • Godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer.
  • Relevant opplæring og gode høve til utvikling.
  • Fleksitidsordning.
  • Tilsetting i Kinn kommune etter gjeldande tariffavtalar.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP(2% pensjonstrekk).

Kontaktinformasjon

Ina Trengereid, Avdelingsleiar, 97524473, [email protected]

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39
6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5123722891
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 19.05.2026

Tilbake til toppen

Ina Trengereid

Bedrift

Ina Trengereid

Søk etter flere lignende stillinger

KinnKontor og økonomi

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS