Kinn NAV, Kinn kommune

Rådgjevar

Område

Kinn

Publisert

12.6.2025

Søk senest

9.8.2025

Om stillingen

Blir du motivert av å jobbe med menneske og har tru på den enkelte sine ressursar?

Vi ser etter deg som ønskjer å være med å løyse Nav sitt samfunnsoppdrag. Er du ein person med pågangsmot og engasjement, som ønskjer å gjere ein forskjell? Trivast du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan du vere den vi ser etter.

Kinn kommune har 17 419 innbyggarar. Nav Kinn har 34 tilsette og har kontor i Måløy og Florø. Kontoret er organisert i to avdelingar, Brukarsenter og Oppfølging, med kvar sin avdelingsleiar. Vi har no ledig eit vikariat, 100% som rådgjevarar i Florø i eit år. Stillinga er plassert i avdeling Brukarsenter. Vi er ein lærande organisasjon som er opptatt av tverrfagleg samarbeid og heilskapleg oppfølging. Vi har ansvar for oppgåver innan arbeids- og velferdstenester. Som rådgjevar har ein ansvar for oppfølging, råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester. Vi skal bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, sosial og økonomisk tryggleik, herunder at den einskilde får høve til å leve og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Avklaring, kartlegging og oppfølging er sentrale arbeidsoppgåver.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, forvaltning og oppfølging av søknader om økonomisk sosialstønad
  • Råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester
  • Oppfølging av brukarar med frivillig eller tvungen forvaltning
  • Oppfølging med fokus på barneperspektivet
  • Oppfølging av ungdommer med fokus på overgang til arbeid
  • Økonomisk rådgjeving
  • Oppfølging av deltakarar i kvalifiseringsprogram
  • Bemanning publikumsmottak
  • Medverke i kommunen sitt bustadsosiale arbeid og sikre mellombels bustad ved behov

Nav Kinn har to lokasjonar. Tilsette må rekne med å reise mellom lokasjonane ved behov.

Vi er ein organisasjon i endring og ein må rekne med endra arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning på bachelornivå som til dømes sosionom, sosiologi, samfunnsvitenskap og juss. Deler av utdanningskravet kan erstattast av lang og relevant erfaring
  • Erfaring og trives med forvaltningsarbeid
  • Ønskeleg med juridisk og økonomisk forståing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og lovverk
  • Erfaring fra tverrfagleg samarbeid med brukarar som har sammensatte utfordringar, samt heilskapleg sosialfagleg - og arbeidsretta oppfølging

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Personlege eigenskapar

  • Det er ein fordel om du er systematisk, strukturert og jobbar sjølvstendig
  • Er motivert for og trivast med arbeidsoppgåver med brukarkontakt via samtalar, digitale system og på telefon
  • Tenkjar heilskapleg rundt brukar sin situasjon
  • Evna å motivere og skape progresjon
  • Ein relasjonsbyggar som likar å arbeide med mennesker og har evne til å skape gode relasjonar til brukarar og samarbeidspartar
  • Møter brukarar med likeverd og respekt, samstundes sette grenser og avklare forventningar
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan viktig samfunnsområde
  • Ein organisasjon som er i stadig endring og som gir moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Kjekke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmijø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilsetting i Kinn kommune etter gjeldande tariffavtalar
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP (2% pensjonstrekk)

Kontaktinformasjon

Ina Trengereid, Avdelingsleiar, 97524473, [email protected]

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 4951694529
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.08.2025

Tilbake til toppen

Kinn NAV, Kinn kommune

Bedrift

Kinn NAV, Kinn kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Kinn

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS