Om stillingen
Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak, Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling og Avdeling psykosomatisk medisin.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som psykologspesialist/psykolog ved RAS vil du ha behandlingsansvar for pasientar i sengeposten. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team som har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest. I vårt tverrfaglege behandlingsteam skal vi ha spesialistar i psykiatri, psykologspesialstar, psykologar, sosionom, Psykomotorisk fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, spesialsjukepleiarar og sjukepleiarar.
RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.
Vi har no ledig eit årsvikariat i sengeposten frå mars 2026. Vi oppfordrar psykologar i spesialisering i behov for sengepostpraksis til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering av pasientar knytta til avdelinga
- Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling
- Deltaking i tverrfagleg team
- Samarbeid med lokale behandlingsteam for å sikre samanhengande pasientforløp
- Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt i Helse Vest
- Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
- Ønskeleg med kunnskap om og erfaring frå arbeid med pasientar med spiseforstyrringar
- Må kunne bruke norsk på eit høgt nivå, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har eit engasjement for pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler av kompetansen din
- Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø
Vi tilbyr
- Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
- Høgt fagleg nivå på behandling av spiseforstyrringar
- Spennande moglegheiter i samband med forsking og metodeutvikling
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Signe Haugen, Avdelingssjef, +47 55976822, [email protected]Arbeidsstad
Haukelandsbakken 155009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5066938399
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.03.2026
Sluttdato: 28.03.2027
Søknadsfrist: 03.02.2026
