Psykologspesialist/psykolog
Om stillingen
Psykiatrisk klinikk, seksjon for vaksenhabilitering har ledig fast 100% stilling for psykologspesialist/psykolog. Vi ønskjer oss ein engasjert og dyktig psykologspesialist/ psykolog til et spennande og variert fagfelt.
Vaksenhabiliteringa i Førde består av eit tverrfagleg team med 7 tilsette. Teamet er ei ambulant spesialisthelsetjeneste i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.
HAVO sine tenester er retta mot vaksne personer med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene for psykologen i teamet. Andre oppgåver som er relevante er miljøbehandling og vurderinger i forbindelse med inntak og avslutning av pasienter. Ofte er utfordringane til våre pasienter komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.
HAVO har en fast psykologstilling. Dei øvrige yrkesgruppene i teamet er lege, vernepleiarar og spesialpedagog. Arbeidsforma vår er førebygging, støtte og behandling i pasienten sitt heimemiljø, tiltak i akutte kriser og rettleiing. Psykologstillinga har primært arbeid i poliklinikken, men vekentlege ambulante oppdrag må påreknast.
Vaksenhabiliteringa er lokalisert med kontorplassar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Kontorplass for psykologstillinga vil være Førde.
Vi søkjer i første rekke etter psykolog/psykologspesialist med interesse for fagfeltet.
Arbeidsoppgåver
- Nevropsykologisk utgreiing og diagnostisering
- Råd og rettleiing til pasientar og samarbeidspartar
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Vurdering av henvisninger og pasientinntak
- Bidra i fagutvikling
- Kurs, undervisning og pasientopplæring
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Kjennskap til og interesse for fagfeltet
- Erfaring med utgreiing og nevropsykologisk testing er ein fordel
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
- Trivast med å jobbe i tverrfagleg samarbeid
- Fleksibilitet og gode samarbeidsevner
- Være skikka til jobben
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar og oppgåver
- Tverrfagleg og kompetent personal
- Opplæring og rettleiing
- Eit robust og godt arbeidsmiljø
- Fleksitidsavtale
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Merete Haga Stavang, Seksjonsleiar Vaksenhabilitering, (+47) 466 29 769Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4765352791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2024
Vaksenhabilitering, Helse Førde
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Bartenderjobb uten forhåndskunnskap!
Lillehammer - Kjøpstaden - Publisert 21.1.2025Bli bussjåfør i JVB - fleksibel jobb med variasjon og opplevelser
Lillehammer - Jvb Tur AS - Publisert 21.1.2025Account Manager B2B - Grafisk produksjon - Bærums Verk
Bærum - Adpoint AS - Publisert 21.1.2025Kokkar
Bremanger - Knutholmen AS - Publisert 21.1.2025