Yngvill Ane Stokke Westad

Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)

OmrådeMolde
Publisert12.12.2025
Søk senest12.1.2026

Om stillingen

Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)
Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Om stillinga

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig 50% fast stilling som psykolog frå 1.2.2026. Stillinga inngår i  tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet. TOO-prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa.

Tenestestad vil vere i Molde ved den offentlege tannklinikken Molde kompetanseklinikk.

Arbeidsoppgåver

Du får jobbe med

  • tannlege og tannhelsesekretær i tverrfagleg team
  • å diagnostisere og vurdere pasientane før angstbehandling hos tannlege
  • eksponeringsbehandling i tverrfagleg team
  • utadretta rettleiing og informasjonsarbeid
  • rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling
  • å bidra i kompetanseutvikling om pasientgruppane i prosjektet

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon 
  • Erfaring med bruk av kognitiv åtferdsterapi, og ønske om å anvende metodikken i tverrfagleg team
  • Erfaring frå angstbehandling
  • Interesse for arbeid med odontofobipasientar
  • Gjerne har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi
  • Gjerne har røynsle frå forskning
  • God kommunikasjonsevne og god samarbeidsevne er ein føresetnad
  • Evne til å uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/skandinavisk

Personlege eigenskapar

  • Trivst med å jobbe med og for menneske
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig 
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert 
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø 

Vi tilbyr

  • Ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • Tilsetting skjer ellers på vanlege fylkeskommunale vilkår
  • For ikkje-spesialistar vil det bli lagt til rette rette for relevant spesialiseringsløp

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Søk på stillingen via “Søk på stilling” - knappen på denne siden.

Yngvill Ane Stokke Westad

BedriftYngvill Ane Stokke Westad

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Clarion Hotel The Hub søker Welcome Office Agents (resepsjonister)

Strawberry AS

Oslo16.1. - 15.2.
Ny