Karin Frøland

Prosjektstilling Flyktningetenesta

Område

Samnanger

Publisert

30.10.2025

Søk senest

30.10.2026

Om stillingen

Om stillinga

Samnanger kommune har dei siste åra tatt imot ei stor gruppe flyktningar frå Ukraina. Me har no ledig ei prosjektstilling knytta til individuell oppfølging av ein brukar, samt etablering av intergreringstiltak på systemnivå. Miljøarbeidaren vil bli tilsett i Nav/flyktningetenesta, men  skal samarbeide tett med Samnangerhjelpa og psykiske helsetenester til vaksne.


Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av brukar
  • Etablering og drift av integreingstiltak
  • Etablering og drift av tiltak knytta til psykisk helse
  • Delta i tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

Krav

  • Helse-/sosialfagleg utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. 
  • Beherske norsk språk
  • Erfaring frå arbeid med menneske
  • Sertifikat kl. B

Ønskjer

  • Beherske ukrainsk, eventuelt russisk
  • Erfaring frå arbeid med flyktningar

Personlege eigenskapar

  • Du evner å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du tek initiativ og har pågangsmot
  • Du har godt humør og stor empati for dine medmenneske

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. 


Me tilbyr

  • Kjekke arbeidskollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir . Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Tilbake til toppen

Karin Frøland

Bedrift

Karin Frøland

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

SamnangerKontor og økonomi

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.

Project Completion Engineer-Work Prep

Ikm Gruppen AS

Stord・8.10. - 18.10.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS