Tone A. Kiste

Prosjektleiar – Regionalt kompetansesenter for energisaker - 100 % - 3-årig prosjektstilling

OmrådeVinje
Publisert17.12.2025
Søk senest18.1.2026

Om stillingen

Vil du vere med å bygge opp Noregs fyrste regionale kompetansesenter for energisaker?

Kraftkompetanse KO er eit nytenkande og framtidsretta kompetansemiljø – eit kommunalt oppgåvefellesskap som samlar krafta frå åtte engasjerte kommunar (Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid og Seljord) og Telemark fylkeskommune. Sidan etableringa i 2020 har me arbeidd for å sikre og utvikle verdiane som ligg i regionens rike naturressursar.

Me er eit formalisert kommunesamarbeid for kraftsaker og forvaltning av naturressursar, og spelar ei nøkkelrolle i å styrke kommunane si evne til å forvalte eigne rettar, møte nye miljøkrav og skape berekraftig utvikling. Gjennom samarbeid, kompetansedeling og strategisk innsats bidreg me til å gjere kommunane mindre sårbare og meir handlekraftige.

Kraftkompetanse er ikkje berre ein arbeidsplass – det er ein arena for påverknad, utvikling og fagleg vekst. Her får du vere med på å forme framtida for kraftregionen Telemark, og bidra til at verdifull kompetanse blir verande og vidareutvikla i regionen.

Kraftkompetanse har per i dag ein person tilsett, men med auka aktivitet og ambisjonar kjem også behov for å bygge laget. Me søkjer difor etter ein engasjert medarbeidar som vil vere med på å forme framtida for kraft, energi og nett i Telemark. Det er store prosjekt på gang innan kraft- og nettutbygging, og me står no i startgropa for å utvikle eit meir heilskapleg kompetansesenter som skal bli ein sentral støttespelar til kommunane i Telemark i handsaming av energisaker. Korleis skal kommunane balansere mellom samfunnsutvikling, klima og natur? Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med å utvikle eit framtidsretta fagmiljø, bidra til lokal verdiskaping og vere tett på dei store endringane som skjer i kraftbransjen.

Prosjektleiarstillinga er ei 3-årig prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetting etter at prosjekttida på 3 år er over. Stillinga vil vere sentral i å bygge opp eit regionalt kompetansesenter for kommunane i Telemark. 


Arbeidsoppgåver

Dette vert det første regionale kompetansesenteret for energisaker i Noreg. Prosjektleiarstillinga vert sentral i å forme korleis kompetansesenteret skal vere organisert og fungere i praksis.

Kompetansesenter for energisaker:

  • Bidra til å utvikle organisasjonsform for kompetansesenteret
  • Utvikle verktøy til hjelp for kommunane i energi- og nettsaker
  • Identifisere behov for støtte i energi- og nettsaker hos kvar kommune
  • Setje saman og leie team som skal støtte kommunane i konkrete energi- og nettsaker
  • Bidra med fagkunnskap innan eitt eller fleire fag i team som skal støtte kommunane
  • Byggje opp erfaringsbank frå arbeid med konkrete energi- og nettsaker
  • Andre oppgåver kan også bli lagt til stillinga

Kompetansesenteret skal støtte kommunane og fylket i å handsame komplekse energi- og nettsaker:

  • Bidra til betre og meir effektive arbeidsprosessar
  • Bidra med fagkompetanse og verktøy
  • Samle inn og dele erfaring innan energi- og nettsaker
  • Generelt avlaste administrasjonen i krevjande energisaker
  • Ved behov, vere støtte til kommunane i møte med energi- og nettaktørane
  • Vere ein ressurs i utarbeiding av planar, strategiar og handlingsprogram

Kvalifikasjonar

Utdanning frå høgskule eller universitet innan eitt eller fleire fagområde:

  • Fornybar energi
  • Energi og energisystemet
  • Natur- og miljøforvaltning
  • Økologi

Gjerne også utdanning relatert til:

  • Arealplanlegging
  • Samfunnsplanlegging

Andre utdanningar kan også bli akseptert dersom søkjaren har relevant erfaring.

Erfaring:

  • Erfaring frå prosjektleiing
  • Kjennskap til kommunesektoren/offentleg forvaltning
  • Kjennskap til energi- og kraftbransjen
  • Kjennskap til konsesjonsprosessar i energisaker er ein fordel
  • Erfaring med å bygge opp og utvikle organisasjonar er ein fordel
  • Digital kompetanse er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og sjølvgåande
  • Du har gode kommunikasjonsevner - stillinga krev tett kommunikasjon med kommunane og fylkeskommunen
  • Du har evne til å bygge og leie team
  • Du har gode gjennomførings- og ferdigstillingsevner

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. 

Me tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje humør
  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Mange moglegheiter med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Ein lærande og framtidsretta organisasjon
  • Stor fleksibilitet til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeidsstad vil vere Åmot i Vinje eller Seljord med noko moglegheit for heimekontor. Du må vente noko reiseaktivitet til dei ulike kommunane og førarkort klasse B er difor eit krav.

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Kraftkompetanse KO er oppteken av mangfald og ynskjer at tilsette i føretaket reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Tone A. Kiste, Dagleg leiar Kraftkompetanse KO

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5054312071
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 18.01.2026

Tone A. Kiste

BedriftTone A. Kiste

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.1. - 28.2.
Anbefalt

MC/Field engineer (MECH)

Ikm Gruppen AS

Bergen7.2. - 26.2.
Ny