Jobbsafari

Prosjektleiar for utviklingsprosjekt

5 måneder siden
OmrådeKviteseid
Søk senest2.11.2024
JobbdetaljerAnnet
Søk på jobb

Om stillingen

Vil du sitje i førarsetet på ein særs spennande jobb med moglegheiter for å få til viktige resultat for Kviteseid kommune og Kviteseidsamfunnet?

Me søkjer prosjektleiar for utviklingsprosjekt

Kviteseid kommune har etter vedtak i fylkestinget fått status som omstillingskommune for kommunar som har utfordringar i arbeidsmarknaden sin og som ynskjer å:  

  • Bidra til å skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar 
  • Bidra til eit meir robust og variert næringsliv
  • Bidra til å auke utviklingsevna hos næringslivet og kommunen 

Omstillingsprogrammet er eit tre-årig prosjekt med moglegheit for forlenging i ytterlegare tre år i perioden 2024 – 2030. 

Her har du ein unik moglegheit til å vera med å gjera ein svært viktig forskjell med stor betydning for framtida. 

Arbeidsoppgåver

  • Leie arbeidet med omstillingsprogrammet i samarbeid med lokale, regionale og nasjonale aktørar 
  • Utvikle og fylgje opp strategisk plan for omstillingsarbeidet. Utvikle aktivitetar og prosjekt i tråd med årleg handlingsplan 
  • Sikre engasjement gjennom ein involverande prosess i ulike fasar av prosjektet 
  • Byggje omdømme og samspel mellom kommunen og lokalsamfunnet gjennom aktivt informasjonsarbeid 
  • Kommunisere og rapportere framdrift og resultat i relevante fora

Kvalifikasjonar 

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Utdanning og/eller erfaring frå prosjektleiing
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå utviklingsarbeid innan privat eller offentleg sektor og innsikt i det offentlege verkemiddelapparatet 
  • God kompetanse i bruk av digitale verktøy 
  • Kjenner til ulike sosiale media og er trygg med å bruke desse aktivt

Personlege eigenskapar 

  • Du er og kan jobbe sjølvstendig. Du kan og samarbeide med andre 
  • Du er utåtvend og kjem lett i kontakt med folk
  • Du er proaktiv og er ein samlande prosjektleiar
  • Du er uredd og er ikkje redd for å oppsøkje ulike miljø
  • Du er drivande og likar svært godt å få til resultat 
  • Du klarar å levere på tid, etter avtale 
  • Du er ryddig og jobbar strukturert  

Det blir lagt vekt på erfaring frå informasjonsarbeid og evna til å kommunisere med ulike brukargrupper. 

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig løn
  • Ein særdeles sjeldan moglegheit i utfordrande tider for kommunar 

Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med: 

Elisabeth Lid, nærings- og kultursjef, tlf: 408 57748 eller
Laila Thorsen, kommunedirektør, tlf: 995 35719 

SØKNADSFRIST: 11. februar 2024 

Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.

Kviteseid Kommune Sentraladministrasjon

BedriftKviteseid Kommune Sentraladministrasjon
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger