Jobbsafari
Sauda vgs, Rogaland fylkeskommune

Programfaglærar innan kjemiprosess og laboratoriefag

OmrådeSauda
Publisert1.11.2024
Søk senest16.11.2024

Om stillingen

Sauda vidaregåande skule har om lag 100 tilsette for å gi nærare 450 elevar og vaksne deltakarar eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen har tre avdelingar, to i Sauda og ein i Suldal.

Skulen har status som regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke og er samstundes eit av seks opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne i Rogaland.

Skulen si avdeling for helse- og oppvekst tilbyr vg1 helse- og oppvekstfag, vg2 helsearbeidarfag, vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og vg2 ambulansefag. Avdelinga har eit tett samarbeid med lokale kommunar og helseføretak.

Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur pregar av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Skulen søker heile tida nye og framtidsretta løysingar og tilbod.

Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.

Arbeidsoppgåver:

Sauda vidaregåande skule har ledig ein 100% stilling som faglærar innan kjemiprosess og laboratoriefag.

Stillinga  krev:

  • fagbrev innan mekaniske fag
  • nødvendig praksis
  • 2 års fagteoretisk utdanning (for eksempel teknisk fagskule)
  • formell undervisningskompetanse (PPU eller YFL)
  • godkjent politiattest

Vi søkjer personar som:

  • kan væra fleksible med tanke på arbeidsoppgåver og arbeidstid
  • er flinke på klasseleiing og kommunikasjon med elevar
  • er ein god relasjonsbyggar til elevar, kollegaer og føresette
  • har evne til å sjå potensialet til elevane
  • har eit fagleg engasjement og som bruker digitale verktøy i undervisninga
  • har førerkort kl B.

Dersom du finn denne stillinga interessant, men manglar deler av kompetansen, oppmodar vi deg likevel til å søkje.

Personlig dugleik vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap 
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø 
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter 
  • offentleg tenestepensjon  og forsikringsordningar
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.

Kontaktinformasjon

Kjell Ove Fattnes, avdelingsleiar, 90895390

Arbeidssted



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune

Referansenr.: 4879791173
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024

Sauda vgs, Rogaland fylkeskommune

BedriftSauda vgs, Rogaland fylkeskommune
Om bedriftenRogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber for en bærekraftig utvikling og sterkere fellesskap i hele Rogaland.Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger