Jobbsafari

Professor eller førsteamanuensis i odontologi (gerodontologi)

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest20.8.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Professor eller førsteamanuensis i odontologi (gerodontologi) 

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som professor eller førsteamanuensis (100 %) i odontologi (gerodontologi) ved Institutt for klinisk odontologi. Det er ønskjeleg å tilsette i 100 % stilling, men stillingsprosentar frå 50 % - 100 % kan verte vurdert. Arbeidsstad er Institutt for klinisk odontologi, Årstadveien 19, Bergen. 

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå  forsking og undervisning. Institutt for klinisk odontologi har eit forskingssenter beståande av fire forskingsgrupper som forskar på vevsregenerasjon, infeksjon og inflammasjon, populasjons og klinisk retta forsking og biomaterialar. Instituttet har ansvar for teoretisk og klinisk undervisning ved fagseksjonane og undervisninga dekker tannlege- og tannpleiarutdanninga, kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med eksamen utanfor EU/EØS og spesialistprogram. Den som vert tilsett skal til leggje til rette for at tannlege- og tannpleiarstudentar ervervar dei nødvendige kunnskapane og praktiske/kliniske ferdigheiter for å kunne ta ansvar for den eldre befolkninga sitt behov for munn- og tannstell. Den kliniske undervisninga føregår for tida i samarbeid med Årstad tannklinikk som vert drifta av Den offentlege tannhelsetenesta. Oppgåvene i stillinga omfattar forelesningar, klinisk behandling av gruppe C-pasientar frå heimetenesta og/eller institusjon, kliniske seminar samt screening på sjukeheim og /eller oppsøkande verksemd i den heimebaserte tenesta. Andre oppgåver kan komme til stillinga. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren innan klinisk verksemd, forsking og undervisning, og har fagleg tyngde innanfor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet og fagseksjonen. Søkjar må dokumentere eiga forsking relatert til faget gerodontologi som er eit av instituttet sitt satsingsområde.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til faget gerodontologi på alle våre studieprogram, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingstidspunktet og ha gode norskkunnskapar då pasientane er eldre og kan vere kognitivt svekt. Vi ønskjer ein kandidat med evne og erfaring til samarbeid mellom ulike helseaktørar og som evnar å styrke fagmiljøet på instituttet. Søkjarar må kunne vise til brei erfaring med undervisning og kunnskapsformidling. Søkjarar må fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.


Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Professor:
    Løn er for tida kr 919 200 (kode 1013, lønssteg 82). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Førsteamanuensis:
    Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV 
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format 
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte professor Kristin S. Klock, e-post: [email protected], mobil: + 47 920 88 388 eller instituttleiar professor Asgeir Bårdsen, e-post: [email protected], mobil: + 47 928 91 090.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger