Postdoktorstilling i translasjonell protonterapiforsking (ProtonSUMMIT)
Om stillingen
Om stillingaVi lyser no ut ei spennande treårig postdoktorstilling knytt til ei stor satsing innan protonterapi, forskingsprosjektet ProtonSUMMIT ved Kreftklinikken, Haukeland universitetssjukehus (HUS).
Helse Bergen HF og Universitetet i Bergen er leiande forskingsmiljø i utviklinga av protonterapi i Noreg. Miljøet er kjenneteikna av høg fagleg kompetanse, tett samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar og eit sterkt fokus på translasjonell forsking. Kreftklinikken ved HUS er regionsjukehus for kreftbehandling i Helse Vest og ein sentral aktør i nasjonal kreftforsking. Her får du vere med på å byggje opp eit nytt og banebrytande tilbod innan kreftbehandling, i eit miljø som verdset nysgjerrigheit, kreativitet og godt samarbeid.
Protonterapi ble etablert i Bergen våren 2025. Vi er no i ein unik fase der vi både vidareutviklar pasienttilbodet og byggjer opp ein protonlab for prekliniske stråleeksperiment. Som postdoktor blir du del av eit tverrfagleg team innan medisinsk fysikk, strålebiologi, detektorteknologi, modellering og klinisk onkologi, med tett samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar.
Prosjektet skal utvikle og undersøke 3D cellemodeller (organoider og organotypic modeller) fra pasienter for at bedre forståelse om biologisk effekt fra protonstråling. Stillinga er 100% i tre år og er knytt til Helse Bergen HF og i tett samarbeid med Universitetet i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Postdoktoren vil arbeide i skjæringspunktet mellom molekylærpatologi[SP1] og strålebiologi og innehalde mellom anna:
- Etablere protokoll for dyrking av organoider og/eller organotypic modeller fra pasient
- Utføre celle eksperiment med foton og protonstråling
- Utføre molekylære analyser av cellerespons frå bestråling
- Delta på nasjonale og internasjonale konferansar relevante for prosjektet
- Publisere resultat i vitskaplege tidsskrift
Kvalifikasjonar
- Søkarar må ha ei grad tilsvarande ei norsk doktorgrad (PhD) innan biologi, medisin eller eit tilsvarende fagområde, eller må ha levert si doktoravhandling innan biologi eller tilsvarande til vurdering før søknadsfristen. Det er ein føresetnad for tilsetting at doktorgrad er tildelt.
- Søkarar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
- Erfaring frå tidlegare preklinisk kreftforsking er obligatorisk
- Erfaring frå primære 3D cellemodellar er obligatorisk
- Søkarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, samt ha gode samarbeidsevner i tverrfaglege team
- Erfaring frå eksperiment med ioniserande stråling er ein fordel
- Eigne forskingsambisjonar inkludert motivasjon for preklinisk forsking er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
- Stor interesse og motivasjon for forsking
- Strukturert og sjølvstendig
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Bidrar til eit godt samarbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg forskingsmiljø
- Arbeid ved klinisk protonterapifasilitet og avansert forskingsinfrastruktur
- Samarbeid med nasjonale og internasjonale fagmiljø
- Lønn og oppstartstidspunkt etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
- Eit inkluderande arbeidsmiljø (IA-verksemd)
Søknad må innehalde
- Søknadsbrev ønskes på ei halv side (maksimalt éi side) som skildrar relevant kompetanse, forskingsinteresser og motivasjon
- Curriculum Vitae og eventuell publikasjonsliste
- Vitnemål og karakterutskrifter
- Masteroppgåve eller tilsvarande arbeid
- Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Vennligst merk at alle dokument skal vere på norsk, engelsk eller eit skandinavisk språk.
I henhald til den norske offentlegheitslova kan informasjon om søkaren inkluderast i den offentlege søkarlista, også i tilfelle der søkaren har bedt om konfidensialitet.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
Klikk for å leggje til kart
Kontaktinformasjon
Sara Pilskog
Forskar
Telefon: +47 95 89 06 59
E-post: [email protected]
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Helse Bergen Hf
Bedrift
Helse Bergen Hf
