Jobbsafari

Postdoktor innan vassisotop meteorologi

5 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest3.3.2024
JobbdetaljerÅremål

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktorstilling 

Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen, knytt til Bjerknessenteret for klimaforsking, søkjer kandidatar til ei stilling som postdoktor innan vassisotop meteorologi med fokus på korleis fjell påverkar nedbørsprosessar. Ved hjelp av isotopeigna globale og regionale atmosfæriske modellar og distribuerte vassprøvar og feltmålingar frå Skandinavia skal det drøftast nye tilnærmingar til å estimera regn og snømengde som samlast på bakken. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er knytt til ERC Consolidator Grant-prosjektet ISLAS (Isotopic Links to Atmospheric Water’s Sources), finansiert av EU-H2020-programmet, og Water4All prosjektet ISOSCAN (Isotope-aided assessment and forecasting of hydroclimatic extremes in Scandinavia through stakeholder co-design).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Om prosjektet

Regnvatn blir frakta med forskjellige vêrsystem til Skandinavia. Modellprognosar for nedbør over det detaljrike landskapet er delvis i strid med observasjonane. Innanfor prosjektet ISLAS er det samla inn unike målingar av vassisotopar i vassdamp og nedbør på land, til havs og frå fly. Målingane speglar blant annet effektivitetsgraden av skyer. Ved å tolke desse nye observasjonane med avanserte modellanalysar kan en oppdaga feilutjamning mellom ulike parameteriserte prosessar i prognosemodellar. ISOSCAN-prosjektet tek denne tilnærminga til ein større skala. Ved å samarbeide med hydrologar og turistar som folkeforskare, utvidar vi målingane til Sverige og Finland, og studerer drivkreftene bak hydrometeorologiske ekstrem. Innanfor det stimulerande, tverrfaglege miljøet i desse prosjekta er det ein ledig stilling som postdoktor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Som postdoktor vil du være tilknytt Bjerknessenteret. Bjerknessenteret er det største naturvitskapelege forskingssenter på klima i Norden og har eit svært internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land.

Arbeidsoppgåver

Postdoktorkandidaten vil evaluere atmosfærisk uttørking når luft strøymer over skandinaviske fjell. Ved å bruke isotopmålingar frå vassdamp og nedbør saman med simuleringa frå vêr og klimamodellar vil kandidaten utvikla nye, robuste estimat for effektivitet av skyer i ulike vêrsystem. Kandidaten vil nytte seg av nye diagnoseverktøy i atmosfæriske modellar, som for eksempel tendensar frå modellprosessar, trekke inn målingar frå ISLAS prosjekt og frå folkeforsking, og bidra til samarbeid med hydrologar. Denne utfordrande postdoktorstillinga tilbyr en unik kombinasjon av arbeid med numeriske modeller og observasjonar, og gjer det mogleg at ein utvikla djupt innsikt i vasskretsløp og den indre verkemåten til numeriske modellar. Kandidaten vil være en integrert del av ISLAS- og ISOSCAN-prosjekta, samarbeide både fagleg og tverrfagleg, og vil samhandla med folkeforskare.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor i meteorologi, klimadynamikk, fysikk eller andre relevante disiplinar innanfor søknadsfristen, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring i enten sky-mikrofysikk, numeriske vêrmodellar, atmosfærisk dynamikk, eller klimadynamikk er eit krav.
  • Erfaring med vitskapeleg skript, programmering og dataanalyse (f. eks. python, MATLAB, R, C++, FORTRAN) er eit krav.
  • Dokumentasjon på sjølvstende innan forsking og skriftlege framstillingar er eit krav.
  • Søkjarar må kunne delta på feltarbeid i ulendte naturlege omgivnader.
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i engelsk, både skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Søkjarar må kunne kommunisere aktivt og ha gode samarbeidsevner passande for ei større, tverrfagleg gruppe og med ikkje-vitenskapelege.
  • Kunnskap om stabile vassisotop konsept og prosessar er ein fordel.
  • Erfaring i bruk av Linux-klynge, modellkøyringar og handteringa av store datasett er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Om postdoktorstillinga

Stillinga som postdoktor er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden opptil 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar. Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Vi tilbyr:

  • ein unik sjanse til å kombinere feltbasert forsking med modellbaserte analyser og tolkning.
  • å ta del i utfordrande internasjonalt feltarbeid og bli ein del av eit internasjonalt, tverrfagleg og fagleg stimulerande arbeidsmiljø i prosjekta ISLAS og ISOSCAN, og fleire andre relaterte internasjonale og nasjonale prosjekt ved Geofysisk Institutt og Bjerknes Centre for Climate Research.
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing (1-2 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Publikasjonsliste med URL til publikasjonar. Vennlegast ikkje last opp PDF av ph.d. eller publikasjonar i søknadssystemet.
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Harald Sodemann, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, [email protected].

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Maria Svåsand.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger