Jobbsafari

Postdoktor i afrikansk mellomsteinalderarkeologi

3 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest25.2.2024
JobbdetaljerÅremål

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktor i afrikansk mellomsteinalderarkeologi ved Insitutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Velkomen som søkjar til ei ledig postdoktorstilling i afrikansk mellomsteinalderarkeologi ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap med oppstart 1. april 2024 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Stillinga vil vere knytt til the Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE), eit senter for framifrå forsking finansiert av Norges forskningsråd.

SapienCE Senter for framifrå forsking (SFF) fokuserer på opphavet til menneskeleg åtferd hjå Homo sapiens i det sørlege Afrika mellom 120 000–50 000 år sidan. Kjerneforskinga ved senteret er styrd av ei leiargruppe beståande av fem hovudforskarar og ein leiar. Vårt tverrfaglege team av forskarar, ved UiB og ved fasilitetane til våre nasjonale og internasjonale partnarar, integrerer nøyaktige nedteikningar av tidleg menneskeleg kulturell, sosial, teknologisk og ressursbasert åtferd med innovative geoarkeologiske, klimabaserte og kognitive modellar og data. Denne heilskaplege tilnærminga gir banebrytande innsikt i dei ulike aspekta ved kva det vil sei å vere menneske.


Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga har ei ramme på tre år, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet i samråd med instituttet. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Postdoktorprosjektet til søkjaren som vinn gjennom vil syntetisere og integrere SapienCE sine arkeologiske data med data frå våre forskingsgrupper knytt til klima og kognisjon for å utarbeide ein datadriven og teoretisk basert publiserbar framstilling av moderne menneskeleg åtferd. Ei av dei sentrale hovudoppgåvene til postdoktorforskaren vil vere å samanlikne og kontekstualisere SapienCE sine data innanfor liknande utviklingslinjer andre stader i Afrika og verden. For å oppnå dette målet vil den valde søkjaren samarbeide med SapienCE-forskarar frå relevante felt, samt ha tilgang til SapienCE sine arkeologiske data og materiale. Størsteparten av desse er i Sør-Afrika (Cape Town). Sjølv om den ideelle søkjaren har ei eiga teknisk spesialisering er det særs viktig at vedkomande unngår subjektspesifikke debattar og kan generere ein breiare og meir syntetisk narrativ kring endringar i mellomsteinalderen. Feltarbeid og anna primærdatainnsamling vil vere mogleg å gjennomføre ved behov, men stillinga sin hovudintensjon er sentrert kring bruk av SapienCE sine eksisterande data og samlingar kombinert med publiserte datasett.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan arkeologi eller ei anna relevant fagdisiplin (antropologi, geoarkeologi eller liknande). Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse innan skildra forskingsfelt med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet. I tillegg må søknaden innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
  • Søkjarar må ha moglegheit til å reise i Europa og Afrika for å samarbeide med forskarar på SapienCE-affilierte institusjonar samt andre stader.
  • Søkjarar bør vere villig til å samhandle med forskarar frå ulike fagdisiplinar og vere positivt innstilt til å samarbeide med andre for å produsere multidisiplinære publikasjonar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane og framdriftsplanen for prosjektet.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. I tillegg vil følgjande kriterium verte vektlagd:

  • Erfaring frå fleire arkeologiske prosjekt knytt til mellomsteinalderlokalitetar i Afrika.
  • Publiseringsliste som syner evne til å integrere data frå ulike disiplinar på ein måte som samsvarer med arkeologisk teori.
  • Publiseringslista sin faglege styrke og breidde.
  • Erfaring med å arbeide med multidisiplinære internasjonale forskingsteam.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønnssteg 63 (kode 1352), som for tida tilsvarar ei årslønn på 615 700,- før skatt. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Prosjektskisse for postdoktorprosjektet (inntil fem sider/12 000 teikn, bibliografi ikkje medrekna).
  • Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Fullstendig liste over alle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
  • Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
  • CV.
  • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og som syner at doktoravhandlinga er levert inn.
  • Relevante attestar og stadfestingar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Teemu Ryymin (e-post [email protected], telefon 55 58 38 79) eller SapienCE sin administrative prosjektleiar Zarko Tankosic (e-post [email protected], telefon 55 58 31 77). 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Dei best kvalifiserte søkjarane blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: [email protected].

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger