Jobbsafari
Felles eining for påtale, Seksjon Hordaland, Vest politidistrikt

Politiadvokat 2/ Politiadvokat og Politifullmektig 

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

I Vest politidistrikt er det ledig ei fast stilling som politiadvokat 2 , SKO 1543, evt. ei eller fleire stillingar som politiadvokat, SKO 1245, og politifullmektig, SKO 0288, for tida plassert ved Felles eining for påtale, Seksjon Hordaland.

Ansvarsområdet er påtalearbeid med dei sakene som tilhøyrer seksjonen, som har saksansvaret for alle straffesaker kor det straffbare forhold antas å vere foretatt i Hordaland, samt Askøy og Øygarden, med unntak av saker kor saksansvaret tillegger seksjon for vold og seksuelle overgrep eller seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø.


Arbeidsoppgåver

  • Påtalemessig leiing av etterforsking og andre oppgåver innan etterforsking og påtalespørsmål og straffesakshandsaming innan seksjonens fagområde, hovedansvar innan økonomisk, miljø og arbeidslivskriminalitet. Ved behov også bistå ved andre påtaleseksjonar 
  • Bidra med juridisk veiledning internt i politiet og eksternt for å førebygge og avdekke kriminalitet innan seksjonens fagfelt.
  • Rådgjevar og sparringpartner for seksjonsleiar innan faglige spørsmål og prioriteringer
  • Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Jourteneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
  • For politiadvokat krev ein minst 1 år erfaring innan påtalearbeid, eller minst 2 år relevant arbeidserfaring
  • For politiadvokat 2 krev ein minst 5 år arbeidserfaring med leiing av straffesaker, eller 3 år påtaleerfaring kombinert med inntil 3 års anna relevant erfaring
  • For politiadvokat 2 kan unntak til kravet om arbeidserfaring bli vurdert for særskilt sterkt kvalifiserte søkjarar
  • Unntak til kravet om arbeidserfaring kan bli vurdert for særskilt sterkt kvalifiserte søkjarar
  • God munnleg og skriftleg framstilling på begge målformer
  • Evne å ta i bruk digitale løysingar for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene  
  • Brei erfaring frå arbeid med straffesaker vektlegges
  • Erfaring frå domstol, som forsvarer eller frå relevante forvaltningsorgan vektlegges
  • Erfaring frå arbeid med større og kompliserte straffesaker er ein fordel
  • Relevante kurs/ tilleggsutdanning er ein fordel
  • God innsikt i politiet sine oppgåver, organisasjon og datasystem er ein fordel 
  • God munnleg og skriftleg framstilling på engelsk er ein fordel 

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Personlege eigenskapar

  • Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
  • Vere ansvarsbevisst og strukturert
  • Evne til å arbeide effektivt og vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kunne bidra til eit godt arbeidsmilj

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stilling som politiadvokat 2 (stillingskode 1543), vert lønna frå lønnstrinn 78/ kr 821 100,- til lønnstrinn 81/ kr. 895.500,- brutto per år
  • Stilling som politiadvokat (stillingskode 1245) vert lønna frå lønnstrinn 65/ kr 635.400 til lønnstrinn 73/ kr. 732.300,- brutto per år
  • Stilling som politifullmektig (stillingskode 0288) vert lønna frå  lønnstrinn 58/ kr 565.900,- til lønnstrinn 63 / kr 615.700,- brutto per år. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling .   

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Ref.nr.: 24/7679

Kontaktinformasjon

Sidsel Isachsen, Seksjonsleiar, 92268396


For spørsmål om elektronisk søknad/CV, Kontakt Seksjon for HR, [email protected]


Arbeidsstad

Allehelgens gate 6


5016 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4737139815


Stillingsprosent: 100%


Fast stilling


Søknadsfrist: 10.03.2024



Felles eining for påtale, Seksjon Hordaland, Vest politidistrikt

BedriftFelles eining for påtale, Seksjon Hordaland, Vest politidistrikt
Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.


Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger