Jobbsafari
Felles eining for påtale, Seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø

Politiadvokat 2

2 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

I Vest politidistrikt er det ledig ei fast stilling som politiadvokat 2 SKO 1543 innan fagfeltet økonomisk, miljø og arbeidslivskriminalitet. Stillinga er lagt til seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø ved Felles eining for påtale. Ved internt opprykk kan det bli ledig vikariat som politiadvokat 2 / politiadvokat (SKO 1245) innan det same fagfeltet.

I stillinga vil du jobbe med vanleg påtale- og porteføljearbeid innan nemde fagfeltet på seksjonen. Seksjonen er en spesialseksjon, som i stor grad arbeider med profittmotivert kriminalitet, i tillegg til miljøkriminalitet. Tilsette ved seksjonen kan bli pålagt oppgåver innan heile seksjonens ansvarsområde, herunder også straffesaker knyttet til organisert kriminalitet.


Arbeidsoppgåver

  • Påtalemessig leiing av etterforskning og andre oppgåver innan etterforskning og påtalespørsmål og straffesakshandsaming på fagområdene økonomisk, miljø og arbeidslivskriminalitet. Ved behov også bistå på andre fagområder. 
  • Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
  • Minst 5 år arbeidserfaring med leiing av straffesaker, eller 3 år påtaleerfaring kombinert med inntil 3 års anna relevant erfaring
  • Unntak til kravet om arbeidserfaring kan bli vurdert for særskilt sterkt kvalifiserte søkjarar.
  • For stilling som politiadvokat er det krav om minst 1 års påtaleerfaring eller minst 2 års relevant erfaring.
  • God munnleg og skriftleg framstilling på begge målformer
  • Holde høg kvalitet på juridisk arbeid
  • Erfaring med straffesaker innan økonomisk, miljø og / eller arbeidslivskriminalitet vil bli vektlagt. 
  • Evne å ta i bruk digitale løysingar for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene  
  • Tilleggsutdanning eller relevante kurs er ein fordel 
  • God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må
innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar
  • Evne til å arbeide strukturert, effektivt og vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna  av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattforma vår her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil være med på å forme politiet for framtida
  • Stilling som politiadvokat 2 (stillingskode 1543) er løna i spennet frå lønnstrinn 79/ kr 845 900,- til lønnstrinn 81/kr 895 500,-
  • Stilling som politiadvokat (stillingskode 1245) er løna i spennet frå  lønnstrinn 65/ kr 635 400,- til lønnstrinn 74/kr 745 000,-
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
  • Gode arbeidsbetingelser (f.eks. fleksibel arbeidstid, sommertid, trening i arbeidstiden o.l.)

Generelt
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven.
Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke.
Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre
oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi
innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse
gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i
CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert
statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi
gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf.
Offentleglova § 25.Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref.nr 24/27497

Kontaktinformasjon

Sylvia Myklebust, Seksjonsleiar, 55556289, [email protected]


For spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, [email protected]


Arbeidsstad

Bergen


5016 Norge


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4762968068


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 10.03.2024



Felles eining for påtale, Seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø

BedriftFelles eining for påtale, Seksjon for organisert kriminalitet, økonomi og miljø
Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.


Søk etter flere lignende stillinger