Pleieassistent på helg, 4 kvar helg med langvakter
Om stillingen
Om stillinga
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling rehabilitering, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri.
Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.
Eit viktig samfunnsoppdrag
Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Norge
Klikk for å leggje til kart
Kontaktinformasjon
Joachim Honningsvåg
Seksjonsleiar
Telefon: 55958348
Charlotte Sunde
Ass seksjonsleiar
Telefon: 55958354
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Observasjon av pasientar
- Dokumentasjon i pasientjournal
- Arbeide tverrfagleg for å sikre heilskapleg behandling, og at det blir utarbeidd mål, gjennomført tiltak og evaluering i samsvar med behandlingsplan
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern og/eller rusomsorg
- Studentar innan sjukepleie-, vernepleie-, psykologi-, medisin og politi oppfordrast til å søke
- Interesse for og kunnskap om risikovurdering og alvorleg personlegdomsforstyrring vi bli lagt vekt på
- Personleg egnethet for stillinga
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
Personlege eigenskapar
- Du behandlar pasientar profesjonelt, empatisk og er imøtekommande
- Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning (resiliens)
- Du har klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv
- Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- 4 kvar helg med langvakter
- Du vil få grundig opplæring og rettleiing
- Du får spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir anledning til god fagleg og personleg utvikling
- Du får kurs i Møte med aggresjonsproblematikk (MAP) med anledning for trening kvar veke
- Vi har eit meget godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Treningsrom for tilsette
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Norge
Klikk for å leggje til kart
Kontaktinformasjon
Joachim Honningsvåg
Seksjonsleiar
Telefon: 55958348
Charlotte Sunde
Ass seksjonsleiar
Telefon: 55958354
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Helse Bergen Hf
Bedrift
Helse Bergen Hf
.png&w=128&q=75)