Helse Bergen Hf

Pleieassistent 3. kvar helg

Område

Bergen

Publisert

11.6.2026

Søk senest

7.9.2026

Om stillingen

Om stillinga

Nevroklinikken har ledige vikariat for pleieassistentar på helg

Nevroklinikken har eitspennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre og fagleg utvikling for deitilsette.

Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.

Nevrologisk akuttpost har 30 sengeplassar inkludert nevroovervaking med 4 senger. Akuttposten er delt inn i 3 lag: Kronikareining, Generell eining og Slageining. Kronikareininga tek for det meste imot pasientar med hjernesvulstar, Parkinsons sjukdom og ALS. Utgreiing, behandling og palliasjon er hovudoppgåver ved eininga. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hos Slageininga. Generell eining greier ut og behandlar pasientar med epilepsi, Ischias/lumbago, ulike typar hovudpine, betennelser i det perifere og sentrale nervesystemet, borrelia, myasteni og MS. Godt, tverrfagleg samarbeid er et viktig prinsipp i pasientbehandlinga hos oss.

Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger (NOVA). Vi har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Vi behandlar både vaksne og barn, og har nasjonal behandlingsteneste for strålekniv og pasientar med vestibularisschwannom.

Vikariata er for 12 månader med oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og pasientoppfølging på post
  • Det blir forventa at du i tillegg jobbar i minst 4 veker 100% stilling i sommaravviklinga

Kvalifikasjonar

  • Det er eit krav at du har pleieerfaring
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må vere utadvent og pasientorientert
  • Du må trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team og like varierte utfordringar
  • Du må ha gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

Klikk for å leggje til kart

Kontaktinformasjon

Åse Humberset

Seksjonsleiar Nevrokirurgisk sengepost

Telefon: 55975662

E-post: [email protected]

Tori Lunde

Ass.seksjonsleiar Spinaleininga

Telefon: 55976045

E-post: [email protected]

Laila Kvalvåg

Seksjonsleiar

Telefon: 55975041

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tilbake til toppen

Helse Bergen Hf

Bedrift

Helse Bergen Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Bergen

Lignende stillinger

Barnehagelærer

Bergen Kommune

Bergen13.7. - 27.7.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS