Jobbsafari
Systemutvikling og IoT, Helse Vest IKT

Plattformutviklar

25 dager siden
OmrådeBergen
Søk senest30.9.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Helse Vest IKT utviklar mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved sjukehusa på Vestlandet. Vi er stolte av å levere 100% samfunnsnyttige system med god kvalitet. Vi deltek i mange og varierte utviklingsaktivitetar, frå innovasjonsprosjekt til større løysingar for å automatisere og effektivisere i sjukehusa. I tillegg til utvikling av ei rekke webløysingar og integrasjonar, er vi involverte i prosjekt knytte til bruk av VR, IoT og maskinlæring/AI i sjukehusa. Vi tek i bruk nyaste teknologi der vi kan, og meiner at trivsel og kontinuerleg kompetanseutvikling er ein føremon for å drive god utvikling.

Seksjonen Utvikling består av omlag 50 høgt kvalifiserte systemutviklarar, arkitektar og UX-designarar fordelt på ni team. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester.

Vi søkjer no etter to plattformutviklarar for å bygge opp og vidareutvikle utviklingsplattforma vår. For utvikling nyttar vi Microsoft.NET (C#, ASP.NET, Enity Framework, MVC, SQL) og Angular (TypeScript, JavaScript, CSS) og vi køyrer på ein hybrid plattform med tenester både i Azure og on premise. Dei to stillingane vil inngå i plattformteamet vårt, og ha ei viktig og sentral rolle i utviklingsmiljøet, med hovudmål om å legge til rette for at vegen frå kode til køyrande applikasjon i produksjon blir så kort som mogleg. Helse Vest IKT har eigne fagmiljø som handterer både sky- og Kubernetes-plattformane, og plattformutviklarane vil samarbeide tett med desse miljøa, samt med utviklarar og forvaltarar i avdelinga.

Arbeidsstad er Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Utvikle automatiserte og sjølvbetente løysingar gjennom tett dialog med utviklarane/brukare av plattforma og andre interne fagmiljø.
  • Legge til rette for effektiv bruk av utviklingsplattforma, inkludert oppsett av infrastruktur, auka grad av automatisering og sikker bruk av skytenester og eksisterande interne on-prem-tenester.
  • Sette opp høveleg bruk av logging og monitorering, og gjere dette tilgjengeleg for utviklarane.
  • Utforske nye teknologiar og måtar å levere verdi til brukarane av plattforma på.

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning frå høgskule/universitet.
  • Erfaring med og interesse for:
    • Plattformutvikling.
    • Infrastruktur som kode.
    • Skyteknologi (Azure eller tilsvarande).
    • Kubernetes eller tilsvarande teknologi.
    • Smidig utvikling, CI/CD og hyppige leveransar i produksjon.
  • Forståing for at tryggleik, nettverk og infrastruktur er essensielt for eit trygt helsevesen.
  • Erfaring med applikasjonsutvikling er ein føremon.
  • Vi legg vekt på tett samarbeid med brukarane våre i utviklingsprosessen, difor er gode munnlege og skriftlege ferdigheiter på norsk viktig.

Personlege eigenskapar

  • Du likar å nytte teknologi og kreativitet til å løyse oppgåver, og er alltid klar for nye utfordringar.
  • Du likar å halde deg oppdatert på trendar og ny teknologi innanfor dette fagfeltet som er i rask utvikling.
  • Du ser både det store biletet og detaljar, og likar å forstå korleis prosessar, system og menneske opererer saman.
  • Du likar samarbeid, deler ansvar og hjelper teamet med å få jobben gjort.
  • Du er oppteken av sikkerheit og integrerer dette bevisst i ditt daglege arbeid.

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.

  • Høve til å vere involverte i strategiske og teknologiske vegval som utviklingsmiljøet skal bygge vidare på i framtida.
  • Høve til å påverke kva fagleg retning du vil utvikle deg vidare i innanfor plattformteknologi.
  • Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, fagdagar og kurs.
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og høg grad av medarbeidartilfredsheit.
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj 
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.

Søk jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen!

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Marte Øvreås Thuen, Gruppeleiar, +47 40217491


Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29


5052 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT



Referansenr.: 4846100027


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 30.09.2024



Systemutvikling og IoT, Helse Vest IKT

BedriftSystemutvikling og IoT, Helse Vest IKT
Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.



Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.



Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger