Om stillingen
Om stillinga
Me har ledig 25 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen frå snarast.
Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med ektefelle, og nyttar ei helg i månaden i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjel for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår. Arbeidsforholdet er lagt opp som turnusarbeid, og det kan vere moglegheit for tilpassing av vakter.
Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljøteneste.
Arbeid og ansvarsområde
Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren. Han treng også hjelp til:
- praktiske og daglege gjeremål
- trening
- måltid
- bruk, vask og vedlikehald av hjelpemidlar
- transport til ulike aktivitetar og helseoppfylgjing
Me tilbyr
- løn etter tariff
- ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan helse, men det er ikkje eit krav
- personlege eigenskapar vert vektlagt, og kan erstatte både fagbrev og erfaring. Du vil få god opplæring og rettleiing
Personlege eigenskapar
Me vil vektlegge desse personlege eigenskapane:
- imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar
- trygg på deg sjølv i rollen din, ansvarsfull og tolmodig
- engasjert, fleksibel, løysningsorientert og omsorgsfull
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato
- førarkort klasse B
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Aurland Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Midlertidig 50 % stilling som assistent i skole/SFO
Tromsø - Ekrehagen Skole - Publisert 9.12.2024Engasjert og kreativ pedagogisk medarbeider
Oslo - Øraker Barnehage AS - Publisert 9.12.2024Regnbuen Steinerbarnehage søker flere pedagoger til vårt frodige fellesskap!
Asker - Regnbuen Steinerbarnehage - Publisert 9.12.2024Fagansvarlig eiendomsmegling og regnskap.
Tønsberg - Skagerak Eiendomsforvaltning AS - Publisert 9.12.2024Midlertidig 30 % stilling for miljøterapeut
Tromsø - Ekrehagen Skole - Publisert 9.12.2024