Jobbsafari
Helse- og omsorgsetaten, Eining 1 Heimetenester

Personleg assistent

26 dager siden
OmrådeUlsteinvik
Søk senest2.7.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vi søkjer etter personale til assistentordning i helse og omsorgsetaten. Stillingane er knytt til ein person som har behov for bistand til praktisk og personleg hjelp på dag og kveldstid. Stillinga er i turnus og kan eventuelt kombinerast med vikarteneste i kommunen sin ressursbank


Arbeidsoppgåver

  • praktisk og personleg hjelp etter avtale med personen.
  • personleg stell og praktiske oppgåver i heimen. Opplæring vil bli gitt.
  • Aktivitetar saman med brukar utanfor heimen etter behov og ynskje

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med pleie og omsorg er ønskeleg
  • Helsefagleg utdanning er ein fordel
  • Førarkort
  • Du lærer lett nye arbeidsmetodar og har teknisk innsikt
  • Søkarar utan utdanning og helsefagleg erfaring vert også vurdert

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som er:

  • trygg og fleksibel med tydeleg kommunikasjon
  • opptatt av å gjere ditt beste i høve til personen - bidra til livskvalitet og meistring
  • opptatt av personen sin integritet med omsyn til teieplikt og privatliv
  • positiv, sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
  • roleg og trygg i utfordrande situasjonar
  •  fleksibel, positiv og engasjert i jobben
  • god til å fokusere på ressursar og mogelegheiter framfor avgrensingar og barrierer

Vi tilbyr

  • Turnus etter avtale
  • Tett oppfølging av avdelingsleiar
  • Regulerte løns- og avtalevilkår
  • Ein variert og utfordrande jobb med viktige arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Høve til kompetanseheving og kursing

Kontaktinformasjon

Heidi Strand, Einingsleiar 1, +47 98230640


Arbeidsstad

Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter


6065 ULSTEINVIK


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten



Referansenr.: 4829687282


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 02.07.2024



Helse- og omsorgsetaten, Eining 1 Heimetenester

BedriftHelse- og omsorgsetaten, Eining 1 Heimetenester
Om bedriften

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. 

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger