Jobbsafari
Tenesteområde Pedagogisk fagsenter, Haram kommune

Pedagogisk Psykologisk Rådgiver

1 måneder siden
OmrådeBrattvåg
Søk senest27.5.2024
JobbdetaljerEngasjement

Om stillingen

Har du lyst til å jobbe i ein spennende og engasjerande fagmiljø? Haram PPT søker etter ein pedagogisk psykologisk rådgiver i 100 % engasjement for tiltreding snarast.
Stillinga er knytt til arbeidsoppgåver hovudsakeleg på grunnskuleområdet. 


PPT i Haram kommune er ei aktiv teneste med engasjerte medarbeidarar med høg fagkompetanse. Vi har kontorplassering i Brattvåg sentrum. PPT skal hjelpe skulane og barnehagane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for barn/elevar med særlege behov og sørge for at det blir utarbeidd sakkunnige vurderingar der lova krev det.


Vi har fokus på inkludering og ønskjer å vere tett på våre samarbeidspartnarar i barnehage og skule. Målet er å kome tidleg inn og bidra til auka kvalitet på det ordinære tilbodet samstundes som vi skal sikre barn og unge sine rettar. Vi tilbyr god fagleg breidde ved å jobbe i tverrfagleg samansatt team i Pedagogisk fagsenter.

Som tilsett i PPT er ein sikra ein variert og dynamisk arbeidskvardag der tverrfagleg samarbeid er ein viktig del av jobben.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for  innbyggarar og næringsliv


Arbeidsoppgåver

  • Kompetanseheving og utviklingsarbeid i samarbeid med skular og barnehagar for å fremje gode og likeverdige utviklings- og opplæringstilbod. Dette vil gjelde førebygging, tidleg innsats, trygt og godt læringsmiljø samt rådgjeving og støtte i overgangar mellom barnehage og skule, og mellom skuleslag. 
  • Konsultasjons- og rettleiingsarbeid av føresette og skule/barnehage
  • Kartlegging og utarbeiding av sakkunnige vurderingar der lova krev det
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid på barnehagar og skular, knytt til førebygging og tidleg innsats
  • Aktiv deltaking i team og utviklingsarbeid i eiga teneste

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ped.psyk rådgjevar/rådgjevar med mastergrad innan tenesta sine fagområde, men anna relevant utdanning og erfaring og kompetanse
    kan vurderast
  • Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda spesialpedagogikk/ pedagogikk/psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgjeving, rådgjeving eller utdanning knytt til organisasjons- og utviklingsarbeid
  • Det er ønskjeleg at søkjar har aktuell test- og kartleggingskompetanse
  • Evne og vilje til å tileigne seg relevant fagkunnskap på relevante tema/fagområder
  • Erfaring frå arbeid i grunnskule er ønskjeleg
  • Erfaring frå arbeid i PPT vil vere vektlagt
  • Gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg
  • Kjennskap til IT-system og e-lærings verktøy
  • Den blir sett krav til at søkjar har sertifikat og kan stille eigen bil til disposisjon for arbeidsgjevar

Personlege eigenskapar

  • Du er ein engasjert og utviklingsorientert fagperson som set barnets beste i fokus
  • Du er god på relasjonsbygging, kommunikasjon og samarbeid
  • Du kan arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
  • Du er eit positivt bidrag i arbeidsmiljøet
  • Du har evne og vilje til å tileigne seg relevant fagkunnskap på relevante tema/fagområder
  • Du har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Du har kjennskap til IT-system og e-lærings verktøy
  • Du har evne til å inspirere og motivere andre
    Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta

Vi tilbyr

  • Eit høgt fagleg nivå med rom for eigen utvikling og læring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt sosialt miljø med gode kollegaer
  • Spenande utfordringar både fagleg og sosialt
  • God rettleiing og oppfølging
  • Løn etter avtale
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Xenia Haceaturean-Aas, Tenesteleiar, 90271899, [email protected]


Arbeidsstad

Strandgata 40


6270 Brattvåg


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4812955376


Stillingsprosent: 100%


Engasjement


Startdato: 01.07.2024


Sluttdato: 28.02.2025


Søknadsfrist: 27.05.2024



Tenesteområde Pedagogisk fagsenter, Haram kommune

BedriftTenesteområde Pedagogisk fagsenter, Haram kommune
Om bedriften

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger