Tor Inge Pettersen

Pedagogisk leiar

OmrådeTime
Publisert27.11.2025
Søk senest11.12.2025

Om stillingen

Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule. 


Arbeidsoppgåver

Som pedagogisk leiar har du ansvar for å bidra i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.     
Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som følgjer stillinga.    

  • Legge til rette for leik og aktivitet i barnehagen tilpassa enkelt barn og til barnegruppa
  • Samarbeide med kollegaer og føresette  
  • Følgje opp daglege rutinar   

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar     
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar     
  • For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28     
  • Me legg vekt på at du er eigna til stillinga     
  • Du må levera politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før du startar i stillinga     

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.
    Me ønsker leiarar som har fokus på inkludering og autoritativ vaksenrolle.
    Skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen 

Me tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156

Arbeidsstad

Kjeldevegen 1
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5046652217
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 11.12.2025

Tor Inge Pettersen

BedriftTor Inge Pettersen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Test Engineer

Boresight And Alignment Solutions AS

Asker19.1. - 26.2.
Ny