Sektor for læring og kultur, Hareid barnehage
Pedagogisk leiar
Om stillingen
Vi har ledig ei 100 prosent, fast stilling som pedagogisk leiar, for tida i Hareid barnehage.
Hareid barnehage søker ein varm og klok barnehagelærar som tar ansvar for barndommen sin eigenverdi gjennom trygge og spanande leike- og læringsaktivitetar. Dette året, og fleire år framover, vil vi jobbe med å utvikle språkmiljøet i barnehagen gjennom satsinga "Språk og leik",
i samarbeid med Høgskulen i Volda.
Hareid barnehage er ein kommunal barnehage. Barnehagen ligg på solsida i sentrum, og har plass til om lag 32 barn fordelt i to avdelingar. I tillegg har vi eit tilbod for barn frå Hareid mottakssenter.
Arbeidsoppgåver
- Leie det pedagogiske og administrative arbeidet på avdelinga, i tråd med stillingsinnhald for pedagogisk leiar
- Arbeide i tråd med barnehagen sine verdiar og visjon
- Arbeide i tråd med rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområder
- Vere ein god samarbeidspartner for personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- godkjend førskule/barnehagelærarutdanning
- god norskkunnskap, munnleg og skriftleg
- kan bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet
Du må legge fram politiattest av ny dato før du startar i jobben.
Personlege eigenskapar
Du
- kan leie det administrative og pedagogiske arbeidet i avdelinga
- er fleksibel og løysingsorientert
- tek positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel
- likar å vere mykje ute og er ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- kompetent personale som legg vekt på kvalitet, endring og utvikling
- godt og inkluderande arbeidsfellesskap med høg trivsel
- løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2 prosent innskot til pensjonsordning
- gode forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Linn Kristine Hoddevik, einingsleiar, +47 41693560Arbeidsstad
Reina 26060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sektor for læring og kulturReferansenr.: 4909587695
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.02.2025
Sektor for læring og kultur, Hareid barnehage
BedriftSektor for læring og kultur, Hareid barnehage
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025VERO MODA Byporten søker butikkselger deltid!
Oslo - Bestseller - Publisert 4.2.2025Klargjører - IEM
Stavanger - Barona Norway - Publisert 4.2.2025LABOUR LAWYER NORWAY
Gardermoen - Barona Norway - Publisert 4.2.2025