Pasientkoordinator
Om stillingen
Brystdiagnostisk senter (BDS) søker ein engasjert og fagleg dyktig person i 1 års 100% engasjement som pasientkoordinator!
BDS i Ålesund er ein del av Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, og tilbyr brystdiagnostikk og mammografiscreening. Vi er stolte av vår høge faglege kompetanse, eit støttande tverrfagleg arbeidsmiljø og ei effektiv drift som sikrar rask og presis utgreiing for mange pasientar.
Drifta vert i dag ivaretatt av radiologar, radiografar og sekretærar frå radiologisk avdeling, i tett samarbeid med kirurgisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Koordinering av pasienttenester i samarbeid med koordinator/sjukepleiar på kirurgisk poliklinikk. Dette omfattar mellom anna å:
- gi informasjon og støtte til pasientar
- organisere og følgje opp prøvetaking som ein del av teamet
- følgje opp timeavtalar
- Assistere radiologane ved senteret.
- Avlaste sekretærar og radiografar når det er behov.
Kvalifikasjonar
- Helseutdanning, gjerne på bachelornivå
- Erfarent helsepersonell med fagbrev som helsesekretær eller helsefagarbeidar kan også søke stillinga
- Gode datakunnskaper og vere god på logistikk
- Det er ein fordel om du har kjennskap til Sectra IDS7og Helseplattformen, men dette er ikkje eit krav
- Erfaring frå laboratoriearbeid og frå arbeid med pasientomsorg vil telje positivt
Personlege eigenskapar
- Engasjement for gode, offentlege helsetenester og stabil arbeidskapasitet gjennom arbeidsdagar med høgt tempo
- Gode evner til tverrfagleg samarbeid, og motivasjon for kontinuerlig utvikling av senteret sin aktivitet
- Gode evner til kommunikasjon med kollegaer og med pasientar som møter til undersøking og utredning
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lisa Steinberg, Seksonsleiar, [email protected]Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4882427439
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 15.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 22.11.2024
Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Midlertidig 50 % stilling som assistent i skole/SFO
Tromsø - Ekrehagen Skole - Publisert 9.12.2024Engasjert og kreativ pedagogisk medarbeider
Oslo - Øraker Barnehage AS - Publisert 9.12.2024Regnbuen Steinerbarnehage søker flere pedagoger til vårt frodige fellesskap!
Asker - Regnbuen Steinerbarnehage - Publisert 9.12.2024Fagansvarlig eiendomsmegling og regnskap.
Tønsberg - Skagerak Eiendomsforvaltning AS - Publisert 9.12.2024Midlertidig 30 % stilling for miljøterapeut
Tromsø - Ekrehagen Skole - Publisert 9.12.2024