Sigrunn Hellebust

Overstyrmann/dekkssjef Lavik-Oppedal

OmrådeHøyanger
Publisert4.3.2026
Søk senest6.4.2026

Om stillingen

Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.  

Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.

Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye overstyrmann/dekkssjef og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.


Fjord1 har ledige stillingar  som overstyrmann/dekkssjef på ulike skiftordningar;

  • 5 skifts-ordning: vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode. 
  • Sjøvakt - 3 veker på og 3 veker fri (ordning kan blir endra til 2 veker på/av). Reise til/frå jobb blir dekka. 
  • Dagskift - 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute mandag-fredag og søndag). Mannskap bur ombord i skiftperiode. 
  • Dagskift 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute alle dagar). Mannskap bur ombord i skiftperiode. 

Du må skrive i søknaden kva skiftordning som er relevant for deg.

Oppstart:  etter avtale. 

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.



Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Oppgaver iht alarminstruks
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Ta avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg

Kvalifikasjonar

  • Kompetansesertifikat D3
  • ROC/GMDSS sertifikat
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

Vi søker en ansvarlig og faglig sterk overstyrmann som kan bidra til sikker og effektiv drift av fartøyet. Du må være strukturert, ha gode lederegenskaper og et sterkt fokus på sikkerhet og kvalitet. Samarbeidsevner, besluttsomhet og evnen til å håndtere utfordringer er viktige eigenskaper i rollen. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar

Kontaktinformasjon

Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, [email protected]

Arbeidsstad


6947 Lavik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5078204608
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Sigrunn Hellebust

BedriftSigrunn Hellebust

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Klubbmedarbeider – Sørum Fritidsgård (Fortrinnsvis helg).

Vigdis Hyndøy

Lillestrøm10.4. - 26.4.