Overlege hud- og veneriske sjukdommar, ev. LIS3
Om stillingen
Hudavdelinga i Helse Førde har frå 01.03.2025 ledig stilling som overlege i hud- og veneriske sjukdommar.
Dersom det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar til overlegestillinga, kan LIS3 bli mellombels tilsett.
Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar fordelt på ulike lokalisasjonar i det geografiske området Sogn og Fjordane. Poliklinikkane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, Indre Sogn Psykiatrisenter i Sogndal og Sunnfjord Medisinske Senter i Florø. Den største poliklinikken er på Førde sentralsjukehus, og dette er hovudarbeidsstad.
Alle einingane driv lysbehandling, og dei desentraliserte poliklinikkane ved Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus har legedagar to dagar per månad. Avdelinga har og eigen telemedisinsk poliklinikk i Audnedal. Avdelinga har per no 2,4 overlegar og 3 LIS 3. Les meir omHelse Førde HF.
Her kan du lese om Førde som plass å arbeide og busetje seg i: Sunnfjord kommune
Arbeidsoppgåver
- Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i det geografiske området Sogn og Fjordane innan fagområdet hud- og veneriske sjukdommar.
- Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling av ulike maligne og premaligne tilstandar i huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre kirurgiske inngrep m.m.
- Avdelinga brukar videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i hud- og veneriske sjukdommar med norsk godkjenning. LIS3 kan bli mellombels tilsett om ein ikkje får søkjar med spesialistutdanning.
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
- Du handsamar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
- Du er målretta, arbeidsvillig og får oppgåvene gjort
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg for overlege
- Legar får avtale om utvida arbeidstid ved deltaking i arbeid ved utepoliklinikkane
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehage
- Overlege kan få støtte til husleige med inntil kr 10.000 per månad i eit år
- Gode oppvekstvilkår for born
- Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv
- Førde har og eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingvild Sunniva Helgheim Hatten, Avdelingssjef, 977 84 999Trude Lindesteg, Seksjonsleiar, 578 30 461
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4890377330
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
Hud avdeling, Helse Førde
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Har du vært ute en vinternatt før? Vi søker nye selgere med rusbakgrunn
Oslo - Medarbeiderne AS - Publisert 20.1.2025Butikkleder Skoringen Kvadrat
Sandnes - Rørtvedt Sko AS - Publisert 20.1.2025Assistent i barnehage
Sola - Stiftelsen Hammaren - Publisert 20.1.2025Fagansvarlig/Oppgjørsmegler
Tønsberg - Megleroppgjøret AS - Publisert 20.1.2025