Jobbsafari
Medisinsk legeteneste FSS, Helse Førde

Overlege endokrinologi og nefrologi

2 måneder siden
OmrådeFørde
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Medisinsk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for overlege innan både nefrologi og endokrinologi. 

Medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus har 14 overlegestillingar, 16 LIS 2/3-legestillingar og 8 LIS 1 i normal drift. Avdelinga har to sengepostar med 26 og 15 sengar, dialysepost, poliklinikk og eigne sengar i interdisiplinær intensiv/overvakingseining.

Akuttmottaket tilhøyrer også medisinsk avdeling. Avdelinga er godkjent som utdanningsinstitusjon innan indremedisin, nyre-, hjarte-, lunge,- og mage-tarm-sjukdommar og har eit aktivt læringsmiljø innan alle fagfelta. Akutt-og mottaksmedisin er under oppbygging som spesialitet med eige AMM-vaktsjikt som driv overordna styring av akuttmottak med tilhøyrande observasjonspost. Det blir innflytting i Nye Førde sjukehus hausten 2024 med m.a. nye sengepostar og eigen scopisentral. Meir informasjon påHelse Førde.

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.

Førde som plass å arbeide og busetje seg kan du lese om her: Sunnfjord kommune


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene for nefrolog er knytt til poliklinisk verksemd, dialysepost og sengepostarbeid. Nefrologane har fagansvar for satelittdialyse på Nordfjord (NSH) og Lærdal sjukehus (LSH) og har ambuleringsdagar dit. 
  • For endokrinolog er det hovudvekt på poliklinisk arbeid, men noko sengepostarbeid kan vere aktuelt. Ambulering til NSH og LSH vil vere aktuelt. 
  • Vaktarbeid innan generell indremedisin er aktuelt for overlegar med denne spesialiteten, men ikkje eit krav for å få stilling.
  • Det er høg samla kompetanse i avdelinga og eit breitt indremedisinsk legekollegium. 

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i nefrologi eller endokrinologi. 
  • Spesialist i indremedisin er ein fordel, men ikkje eit krav. 
  • Erfaring frå relevant klinisk arbeid knytt til aktuell spesialitet. Må kunne vere rettleiar for legar i spesialisering
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til pasientsystemet DIPS 

Personlege eigenskapar

  • Vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid
  • Kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr

  • Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
  • Høve til å drive utvikling av "Pasientens helseteneste" 
  • Førde som ein god, familievennleg og kulturell plass med flott natur
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Løn etter tariff og individuell avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Hildur Thingnes, Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS, +47 57839317


Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2


6812 Førde


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4769287552


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 10.03.2024



Medisinsk legeteneste FSS, Helse Førde

BedriftMedisinsk legeteneste FSS, Helse Førde
Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger