Jobbsafari

Operatør Rørsveising

24 dager siden
OmrådeUlsteinvik
Søk senest31.7.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designar, bygger og leverer løysningar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.

Ulstein Verft har aukande aktivitet og søker derfor etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar, og som ynskjer å utvikle og skape resultat saman med oss. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall.

Intervju vil bli gjennomført fortløpande.


Oppgåver du vil jobbe med

  • Montering og sveising 
  • Reparasjon og vedlikehald

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Vi ønsker å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning innan mekanikk, teknikk eller industriell produksjon, og som har god produksjons- og teknisk forståing. I tillegg ønsker vi at du innehar Sveisesertifikat MIG/MAG/TIG/Elektrode. 

Det er også ønskeleg at du er fagleg interessert, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi setter pris på ein som er nøyaktig, kvalitetsbevist og har ei god HMS-haldning.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på varierte arbeidsoppgåver, gode kollega og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. 

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng ein enkelt kan nå til fots, på sykkel eller ski. Og Ålesund er ikkje langt unna. 

Kontaktinformasjon

Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746


Arbeidsstad

Osnesvegen 110


6065 Ulsteinvik


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS



Referansenr.: 4822233598


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 31.07.2024



Ulstein Verft AS

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger