Jobbsafari
Lokalstøtte, Helse Vest IKT

On-site teknikar

1 måneder siden
OmrådeStavanger
Søk senest17.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Seksjon for Lokalstøtte har ansvar for drift og forvalting av Helse Vest sitt sluttbrukarutstyr som blir brukt i det daglege, for eksempel PC, skjerm, tastatur, mus, skrivar, skannar og strekkodelesar. Seksjonen består av 31 teknikarar som er lokaliserte i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er at tilsette i Helse Vest skal ha velfungerande og trygge IKT-arbeidsverktøy.

No søkjer vi tre teknikarar til Stavanger, kor ein i starten vil jobbe mykje med leveransar til nye Stavanger Universitetssjukehus.


Arbeidsoppgåver

  • Drift og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, betalingsterminalar o.l.
  • Varelogistikk
  • Deltaking i prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, m.m.
  • Kunnskap og erfaring i feilsøking på Windows-operativsystem
  • Fagbrev i IKT-servicefaget, IKT-driftsfag eller dataelektronikarfaget er ein føremon, men ikkje eit krav
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er open og svolten på ny kunnskap og teknologi
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Du er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehuset
  • Du jobbar godt i team

Vi tilbyr

  • Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Moglegheit for å vere med på å forme framtidas IKT-løysingar innanfor helse
  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet
  • Deltaking på spanande oppgåver innanfor lokale og regionale prosjekt
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Tord Hovland, Seksjonsleiar, +47 95747385


Arbeidsstad

Professor Olav Hanssens vei 7a


4021 Stavanger


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT



Referansenr.: 4775747248


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 17.03.2024



Lokalstøtte, Helse Vest IKT

BedriftLokalstøtte, Helse Vest IKT
Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi sikter mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysningar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med føretaka for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å være ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi flinke folk i stabs- og stønadsfunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du bli betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger