Kristin Espe Jensson

Odda kallar - er du klar for noko meir?

OmrådeUllensvang
Publisert26.11.2025
Søk senest14.12.2025

Om stillingen

💖 Velkommen til Odda – natur og kultur hand i hand!

Odda ligg blant spektakulær natur, ein kulturby med aktivitetar året rundt. Bytt ut kø med Trolltunga, fjordar og skikjøyring. Kulturlivet byr på noko for alle, med til dømes litteraturfestival, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og ei blueshelg. Her får du ein kvardag der jobb og fritid balanserer perfekt.

🌟Om avdelinga vår
Her jobbar dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, sekretærar og fysioterapeutar som saman skapar eit sterkt fagmiljø. Vi gir deg ei brei og verdifull erfaring. 

Vi deler på oppgåvene. Du får vere med på oppgåver som til dømes å justere oksygenbehandling og følgje opp pasientar med veneflon (PVK). Vi legg til rette for at du får bruke kompetansen din, sertifisere deg,  og samtidig utvikle deg vidare i samarbeid med sjukepleiarar og resten av teamet.

Har du spørsmål, eller vil du høyre meir om kvardagen hos oss? Ikkje nøl med å ta kontakt med Andreas eller Kristin for ein uforpliktande samtale!

👉 Bli med på laget. Søk i dag!


💡Kva går jobben ut på?

Dine oppgåver inkluderer:

  • Observere og rapportere helseutfordringar, eller omsorgsbehov.
  • Gi pasienten god omsorg, pleie, informasjon og opplæring.
  • Følgje opp lærlingar.
  • Delta på kurs og fagsamlinger.

🎓 Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.

👥 Kva ser vi etter hos deg

Vi søkjer deg som:

  • er oppteken av god pasientbehandling
  • tek ansvar og er sjølvstendig
  • trivst med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vert vektlagd

🏆 Kvifor skal du velje oss?

Desse fordelane får du ved å jobbe hos oss:

  • eit utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit spanande fagmiljø
  • eit godt innarbeida opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
  • oppgåvedeling med sjukepleiarar – og moglegheit for sertifisering i prosedyrar
  • hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • eit trivelig arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Andreas Jacobsen, Funksjonsleder, 53651146 / 40518183, [email protected]
Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, 53651013, [email protected]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5043666952
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025

Kristin Espe Jensson

BedriftKristin Espe Jensson

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Clarion Hotel The Hub søker Welcome Office Agents (resepsjonister)

Strawberry AS

Oslo16.1. - 15.2.
Ny