Jobbsafari

Ynskjer du ei sentral rolle i utviklinga av levekåra for barn og unge på Voss?

1 måneder siden
OmrådeVoss
Søk senest23.5.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

På vegne av Voss herad søkjer me no etter

Rektor ved Voss ungdomsskule



Voss ungdomsskule har om lag 550 elevar og om lag 90 tilsette. Skulen ligg sentralt på Voss, flott plassert med Prestegardsmoen og Vangsvatnet som næraste nabo. Skulen var under rehabilitering og ny idrettshall og skulebygning vart ferdigstilt i januar 2024.



Voss herad søkjer ein utviklingsorientert og kvalitetsbevisst rektor som vil bidra aktivt til å utvikle Voss ungdomsskule, med målsetjinga av at alle elevar skal oppleve meistring og læring kvar dag. Du er oppteken av å skape gode, framtidsretta, inkluderande og trygge skulemiljø i ein skulekultur der alle trekkjer i same retning. Som rektor må du kunne sjå samanhengar og moglegheiter på tvers av fag og vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.



Me ser for oss at du som rektor i Voss herad vil vera ein synleg og tilgjengeleg leiar, som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling. Her vil du sikre ei god dagleg drift av skulen, der du fremjar arbeidsglede, ser den enkelte medarbeidar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du er serviceinnstilt og oppteken av å skapa gode tenester for brukarane. Ditt bidrag gjer at me saman når måla våre i Vossaskulen.



Arbeidsoppgåver
  • Pedagogisk leiing som byggjer på meistringsorientert leiing og ein bidragsytar til å utvikle profesjonelle læringsfellesskap
  • Leie arbeidet med å utvikla eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø
  • Økonomi og personalansvar
  • Leie og motivera tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling og felles orientering
  • Forvalta skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
  • Fylgje opp heradet sine satsingar og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa

Me ynskjer søkjarar med relevant høgare utdanning, leiarerfaring samt pedagogisk utdanning og erfaring. Du har eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk, med god innsikt i forsking på skuleleiing og evnar å nytte denne kunnskapen i praksis.


Stillinga krev god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne, samt gode digitale ferdigheiter



Me ser for oss at du er ein engasjert lagspelar som ser viktigheita av å byggja lag, og som evnar å inspirera og motivera. Me ynskjer ein trygg og tydeleg leiar, som også er samlande. Du er initiativrik med fagleg tyngde, der du evnar å arbeida planmessig og strukturert mot å nå oppsette mål. I Voss herad praktiserer me meistringsorientert leiing i ein tillitsbasert organisasjon.


Du er ein synleg leiar som kan stå fram og viser retning. Du trivest saman med ungdom og lar deg motivere av å sjå resultat og godt samspel. Du er oppteken av å byggje gode relasjonar med elevane, føresette og dei tilsette


Det vil bli lagt stor vekt på at kandidaten sine personlege eigenskapar underbyggjer forventningane til stillinga.



Me tilbyr
  • Ein arbeidskvardag som gjev meining, meistring og eit profesjonelt handlingsrom
  • Ein spanande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
  • Ein vossaskule som er oppteken av felles kollektiv kompetanseheving og kvalitetsutvikling
  • Eit samarbeidande rektorkollegium med pågangsmot og eit aktivt pedagogisk miljø der det blir lagt vekt på samarbeid samt  fagleg og personleg utvikling
  • Gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.


Dersom dette er interessant for deg, er du velkommen til å ta kontakt med vår samarbeidspartnar for rekruttering Jefferson Wells: Torill Eidsheim eller Anette Hansen.


Registrer søknad og CV seinast 23. mai 2024.


Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at opplysningar om søknaden kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil i så fall bli varsla om dette i førekant.


Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du fleire, spanande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)


Voss Herad

Søk etter flere lignende stillinger