Jobbsafari

Ynskjer du ei sentral rolle i utviklinga av levekåra for barn og unge på Voss?

1 måneder siden
OmrådeVoss
Søk senest23.5.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

På vegne av Voss herad søkjer me no etter

Skulesjef


Me søkjer ein samlande og utviklingsorientert leiar med gjennomføringsevne for vidare styrking av skulesektoren i kommunen. Som skulesjef vil du rapportera til kommunalsjef Oppvekst og ha det øvste ansvaret for skulesektoren i kommunen, som inkluderer 11 grunnskular og vaksenopplæringa.


Skulesjefen er ein del av kommunalsjef for oppvekst si leiargruppe og har eit medansvar for utviklinga av det samla kommunalsjefområdet. Du vil saman med rådgjevarane dine vera det faglege bindeleddet mellom kommunalsjef for oppvekst og kommunen sine rektorar. Med hovudfokus på fagleiing og utvikling, ynskjer me å sjå at du evnar du å bruka ressursane rundt deg godt. Du bidreg i arbeidet med å byggja ein felles kultur i organisasjonen og tek ansvar for at kommunen sine store ambisjonar for skuleutvikling framover vert innfridd.


Som skulesjef har du ambisjonar og stort engasjement for skule og skuleutvikling. Dette omfattar både elevane si læring og skulen sine tilsette med tydelege resultatmål.



Ansvarsområde
  • Strategisk utvikling 
  • Organisasjons-, fag- og kompetanseutvikling  
  • Dagleg drift, leiing og personalansvar
  • Budsjett, økonomi- og verksemdstyring
  • Kvalitet, helse, miljø og tryggleik 
  • Ansvar som skuleeigar etter opplæringslova og integreringslova 
  • Samhandling med politisk leiing  
  • Samarbeid og samordning på tvers i organisasjonen 
  • Rekruttera og behalda tilsette på området
  • Partssamarbeid 

Du må har relevant høgare utdanning og skulefagleg/pedagogisk kompetanse. Me ser leiarerfaring frå skulesektoren eller anna relevant område som ei stor føremon, og då gjerne erfaring frå leiing av leiarar. Stillinga krev god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.


Me ser for oss at du er ein engasjert lagspelar som ser viktigheita av å byggja lag og som evnar å inspirera og motivera. Me ynskjer ein trygg og tydeleg leiar, som også er samlande. Du er initiativrik med fagleg tyngde, der du evnar å arbeida planmessig og strukturert mot å nå oppsette mål. I Voss herad praktiserer me meistringsorientert leiing i ein tillitsbasert organisasjon.


Det vil bli lagt stor vekt på at kandidaten sine personlege eigenskapar underbyggjer forventningane til stillinga.



Me tilbyr

Spanande og varierte oppgåver i eit godt, tverrfagleg og sosialt miljø. Det vil til tider vera ein hektisk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling. Her vil du få arbeida med kommunen sine utfordringar og moglegheiter saman med dedikerte og fagleg sterke kollegaer.


Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar.


Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.


Dersom dette er interessant for deg, er du velkommen til å ta kontakt med vår samarbeidspartnar for rekruttering Jefferson Wells: Torill Eidsheim eller Anette Hansen.


Registrer søknad og CV seinast 23. mai 2024.


Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at opplysningar om søknaden kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil i så fall bli varsla om dette i førekant.


Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du fleire, spanande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)


Voss Herad

Søk etter flere lignende stillinger