Jobbsafari
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Ønskjer du bruka sommaren til å skaffa deg spanande praksis ? då kan ferievikariat vera noko for deg.

3 måneder siden
OmrådeOs
Søk senest30.4.2024
Søk på jobb

Om stillingen

Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar.

Arbeidsstader:
Tenesta for vaksne (personer over 18 år) består av 8 bufellesskap, 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim :
- Hellemyra Bufellesskap
- Torsneset Bufellesskap 
- Fusa butenester (tenester i heim)
- Kunhletunet rekke 1
- Kuhnletunet rekke 2
- Vestre Lurane bufellesskap
- Bolig Moberg
- Idrettsvegen bufellesskap
- Bjørnefjorden bufellesskap

Tenesta som gjeld for barn og unge (personar under 18 år) er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim :
-  Varafjell avlastningssenter
-  Os avlastning (tenester i heim)
-  Fusa avlastning (tenester i heim)

Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.

Ta gjerne med i søknaden din om det høver best for deg å jobbe på Fusa sida eller Os sida av kommunen.

Vi treng ferievikarar i månadane juni, juli og august. Det kan også vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe. Vikarar som kan jobbe samanhengande og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert. 

Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast.

Kvalifikasjonar:
Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske, er du velkomen til å søkje sommarjobb hos oss i Tilrettelagte tenester.

Vi oppmodar særleg studentar innan helse, sosialfaglege og pedagogiske studie til å søkje.

Du må vera fylt 18 år
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest

Vi tilbyr

  • Meiningsfull sommarjobb  som vil gje deg nyttig og verdifull arbeidserfaring med rom for faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar, med eigen avlønning for studentar med relevant høgskuleutdanning.

 Vi ser fram til å høyra frå deg !

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

 Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema:

Søk her

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

BedriftBjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger