Rektor Kristin Undseth

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar

Område

Sel

Publisert

1.9.2026

Søk senest

22.9.2026

Om stillingen

Beskrivelse

 Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig fast stilling i 100% som avdelingsleiar for studieførebuande utdanningsprogram (idrett og studiespesialisering) frå 1. januar  2027.

Vi søkjer deg som

  • byggjer gode relasjonar til elevar og medarbeidarar
  • kommuniserer tydeleg og skaper tillit 
  • er utviklingsorientert og ser moglegheiter 
  • er strukturert og handlekraftig 
  • trivst med varierte oppgåver og høgt arbeidstempo 
  • set elevane si læring og trivsel i sentrum 
  • samarbeider godt og bidreg til å finne løysingar på tvers av avdelingar 
  • har høge ambisjonar på vegne av elevane, medarbeidarane og skulen

 

 

 

 

 

 

Vi tilbyr

  • ei spennande og variert leiarstilling ved ein skule der du får vera tett på både elevar og tilsettemMoglegheit til å påverke utviklinga av skulen
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
  • faglege utfordringar og moglegheiter for leiarutvikling
  • løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stilling

  • 100 % fast stilling ledig frå 1.januar 2027
  • Som avdelingsleiar blir du ein del av skulen si leiargruppe. Du får ansvar for å leie og utvikle eigne avdelingar, samtidig som du må bidra aktivt i den samla drifta og utviklinga av skulen
  • Arbeidstad: Otta

Arbeidsoppgåver

  • pedagogisk leiing og utvikling av avdelinga/ane
  • personalansvar og tett oppfølging av medarbeidarar
  • oppfølging av elevane sitt læringsutbytte, fråvær, trivsel og skulemiljø
  • planlegging og organisering av skuledrifta i skuleadministrativt system (VismaInSchool) 
  • arbeid med kvalitetsutvikling og oppfølging av skulen sine resultat
  • samarbeid med elevar, føresette og elevtenesta
  • bidra til god ressursutnytting innanfor skulen sine rammer
  • delta aktivt i skulen si leiargruppe og ta medansvar for heilskapen
  • andre leiar- og driftsoppgåver etter behov

Kvalifikasjonskrav

  • Skuleleiarutdanning. Erfaring frå skuleleiing kan erstatte formell utdanning
  • Relevant høgare utdanning som kvalifiserer til undervisning
  • Pedagogisk kompetanse og erfaring frå skuleverket
  • Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ønskjeleg
  • God kjennskap til opplæringslova og skulen sitt samfunnsoppdrag
  • Gode digitale ferdigheiter med blant anna kjennskap til skuleadministrativt system; VismaInSchool 

Ønskte eigenskapar

  • er synleg, tilgjengeleg, og tett på elevar og tilsette
  • byggjer tillit og skaper gode relasjonar
  • er tydeleg og trygg i leiarrolla
  • kan motivere, støtte, og utvikle medarbeidarar
  • arbeider systematisk, og kan prioritere i ein variert arbeidskvardag
  • er fleksible, og villig til å ta del i ulike oppgåver
  • samarbeider godt, og bidreg til å finne løysningar på tvers av avdelingar

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Link til søknadsskjema: Søk her
Tilbake til toppen

Rektor Kristin Undseth

Bedrift

Rektor Kristin Undseth

Søk etter flere lignende stillinger

SelUtdanning

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS