Tom A. Hånsnar

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) lyser ut ei mellombels stilling frå snarast.

OmrådeDovre
Publisert4.2.2026
Søk senest22.2.2026

Om stillingen

Vi søkjer ein framoverlent og nytenkjande person, med gode digitale ferdigheiter og med kjennskap til NGR. Stillinga er 100% stilling som prosjektmedarbeidar i NGR. Stillinga er mellombels frå snarast -- 1.04.2028.

Kvalifikasjonar:

  • Inneha kompetanse frå IKT, digitalisering og prosjekt (Utdanning, kurs eller fagbrev og erfaring).

  • Erfaring fra digitaliseringsprosjekt, kvalitetsarbeid og bruk av IKT.

  • Gjerne ha kjennskap til renovasjonsbransjen.

  • Førarkort klasse B.

  • Gode digitale ferdigheiter og lett kunne jobbe i ulike program og utstyr.

  • Fleksibel, positiv og serviceinnstilt.

  • Meistre å jobbe sjølvstendig, men samstundes kunne samarbeide godt med andre, og på tvers av avdelingar.

  • Initiativrik og løysingsorientert

  • Læreviljug og lærenem, men og kunne formidle eigen kunnskap.

  • Sans for orden og struktur

  • Personleg skikka.

Arbeidsoppgåver:

  • Digitaliseringsarbeid.

  • Utstyrsregistrering, lagerføring og datafangst.

  • Feltarbeid ute i heile Nord-Gudbrandsdalen -- registrering av til dømes behaldarar, konteinarar osv.

  • Opplæringsarbeid av digitale systemer i organisasjonen.

  • Kvalitetsarbeid.

Vi byr på:

  • Ei ny og spennande prosjektstilling i ein bransje i utvikling og vekst.

  • Godt arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.

  • Lønn etter avtale.

  • Gode pensjon- og forsikringsordningar.

  • Opplæring og kursing.

Stillinga vil ligge organisatorisk under driftsleiar. Oppmøtestad er kontoret på Dovre/Dombås, men stillinga krev varierte oppmøtestader innad i NGR og Nord-Gudbrandsdalen. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for gode arbeidshøve og naudsynt utstyr. NGR held bil ved mykje køyring.

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:

Driftsleiar, Tom André Hånsnar, e-post: [email protected], tlf. 48038444

Dagleg leiar, Marit Svanborg, e-post: [email protected], tlf. 90366459

Søknad og CV kan sendast til [email protected] innan 22.02.2026

Tom A. Hånsnar

BedriftTom A. Hånsnar

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Hotel or Service Rep | EU Nationals | Work Abroad

Tui Holding AS

Spania3.3. - 2.4.
Anbefalt