No kan du få låne verdas beste jobb!
Om stillingen
Dagleg leiar i Kviteseid Frivilligsentral skal ut i permisjon, og me ser no etter ein vikar i 40% stilling frå 01.06.26 – 31.07.27, med moglegheit for forlenging. Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb, bør du søkje!
Hva vi ser etter
Me ser etter deg som
har eit stort engasjement og ynskje om å bidra positivt i lokalmiljøet
er strukturert og trivs med å jobbe med mange sakar om gongen
evnar å leie både tilsette og frivillige
løysingsorientert og samarbeidsvillig
økonomisk og digital kompetanse
Søkjar må ha førarkort klasse B og eigen bil, og kunne leggje fram politiattest jf. Politiregisterføreskrifta § 34-1, jf. politiregisterlova § 39 første ledd.
Arbeidsoppgaver
Jobben inneber:
det administrative ansvaret for Kviteseid Frivilligsentral, med personal- og økonomiansvar
å søkje om eksterne midlar til prosjekt, og oppfølging av eksisterande og nye prosjekt
å samarbeide med frivillige, lag og foreiningar, kommunen og næringslivet
sjå til at aktivitetar og prosjektområde går som det skal i samarbeid med andre tilsette
Vi tilbyr
Me tilbyr fleksibel arbeidstid, men ein må rekne med noko arbeidstid på kveldstid. Løn etter avtale, og kveldstillegg frå kl. 17.