Jobbsafari

Naturgeograf eller Ingeniørgeolog

2 måneder siden
OmrådeTromsø
Søk senest6.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Om stillinga

Vil du bli den nye erfarne medarbeidaren vår innan Naturgeografi eller Ingeniørgeologi i Statens vegvesen? Då kan du vere den vi ser etter til vår ledige stilling i Bergen, Leikanger eller Tromsø.

Vi treng fagkunnskapen din til å utvikle arbeidet med naturfare.  Dette for å tryggje skredutsette vegar.   Saman med andre ekspertar på andre fagfelt jobbar du heilskapleg for dei beste og mest effektive vegløysingane. Samarbeid er nøkkelen, og kvardagen er ei god blanding av kontorarbeid og synfaring i terrenget.

Arbeidsoppgåver:

  • utvikle teknologi for handtering av naturfarar. I første omgang snøskred-fokus, men også andre skredtypar og flaum er aktuelt.
  • leie eller delta sentralt i prosjektet «Teknologi for handtering av naturfare»
  • varsle snøskredfare og leie utvikling av stedspesifikk snøskredvarsling for veg
  • følgje opp fagleg utbygging/montering av aktiv snøskredkontroll og andre installasjonar
  • det er stort behov for formidling av kunnskap innan naturfarar, så ein del foredrag/kursing er aktuelt
  • mindre utbetringar og akuttoppdrag ved naturfarehendingar i driftsfasen
  • hovudinspeksjonar av skredsikringsobjekt er sentrale oppgåver på seksjonen
  • faglege innspel og vurderingar i samband med forvaltningssaker
  • kartlegging av skredområde og planlegging av skredsikringstiltak
  • naturfarekartlegging og handtering
  • delta i utviklingsarbeid innan fagområdet. Ingeniørgeologgruppa til seksjonen møtest jamleg, og utgjer ein god arena for faglege diskusjonar og utvikling. Teknologi og digitalisering er sentrale tema.

Du vil inngå i vekefast beredskapsordning for skred og flaum med ca. 4 vaktar per år og må rekna med reiseaktivitet. 

Stillinga er plassert i seksjon Geofag som er del av Fagressursavdelingen i Drift og vedlikehalds divisjonen. Vi er landsdekkjande med 38 medarbeidarar fordelte på 11 kontorstader.

Våre fagfelt på geoseksjonen er:

Ingeniørgeologi, geoteknikk, skred, hydrologi, vegteknologi og DAK/teikning. Dei geografiske områda er hovudoppdragsgivarane våre. Seksjonen har også ansvar og bemanning av Nasjonal skred- og flaumberedskap/skredhandtering. Seksjonen har oppgåver innan heile vegen livsløp; planlegging, prosjektering, byggjefase og spesielt fokus i driftsfasen.


Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 5-år. I tillegg sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnader for stillinga.  Erfaring innan skredhandtering eller ingeniørgeologi og GIS og drone. Det krevst førarkort klasse B, og det er ein fordel med klasse BE. Du må ha gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Vi legg vekt på at du har:

  • interesse for digitalisering/digitale verktøy og nye måtar å løyse kjende problemstillingar på
  • evne til å ta initiativ og finne løysingar i stadig nye situasjonar
  • erfaring innan drone
  • evne og vilje til å samarbeide
  • evne og vilje til å dele/presentere og ta imot kunnskap og erfaring

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt Njål Farestveit, tlf. 99715116, e-post [email protected]


Statens Vegvesen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger