Jobbsafari
Vang Kommune, Miljøtenesta

Nattevaktsstillingar i Bufellesskap - kvilande og våken nattevakt 

1 måneder siden
OmrådeVang i Valdres
Søk senest25.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Grunna ei auke i tenestebehovet ved bufellesskap i Tilrettelagte tenester/Miljøtenesta er det behov for fleire nattevakter! Ynskeleg med snarleg oppstart. 

Me har følgjande stillingar ledig:

  • 87,40 % kvilande natt (lønsprosent 45,62 %) midlertidig stilling på 1 år
  • 30,59 % kvilande natt (lønsprosent 16,04 %) midlertidig stilling på 1 år
  • 57,92 % nattevakt - våken natt - fast stilling

Arbeidsoppgåver

  • Aktivt søkje å nå fastsette mål for arbeidet gjennom målretta miljøarbeid.
  • Praktisk bistand og opplæring til tenestemottakarar etter HOL §3-2,6.
  • Ivareta brukarmedverknad i all tenesteyting.
  • Bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med relevant fagbrev
  • Ufaglærte kan også søkje
  • Menn oppmodast til å søkje
  • Kunnskap og erfaring frå arbeid med målgruppa er ynskjeleg
  • Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagt
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsferdigheiter, men òg evne sjølvstendig arbeid.
  • Du er stabil, fleksibel og lojal overfor vedtak og tiltak.
  • Du er blid og positiv, og villig til å søke ny kunnskap

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring og rettleiing
  • Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar. 
  • Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. 

Ved intern tilsetting kan annan stilling bli tilbudt søkjarane jf. HTA.

Kontaktinformasjon

Jorunn Johansen Trøen, Avdelingsleiar Grindatun, 90471906, [email protected]


Elisabeth Hålien, Leiar Miljøtenesta/Tilrettelagte tenester, 99090013, [email protected]


Arbeidssted

Tyinvegen 5150


2975 VANG I VALDRES


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune



Referansenr.: 4827774115


Stillingsprosent: 87,4, 30,59, 57,92%


Engasjement, Fast


Startdato: 01.07.2024


Søknadsfrist: 25.06.2024



Vang Kommune, Miljøtenesta

BedriftVang Kommune, Miljøtenesta
Om bedriften

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger