Ingrid Schei Stuhaug

Musikkterapeut

OmrådeStryn
Publisert27.2.2026
Søk senest26.3.2026

Om stillingen

Stryn kommune søkjer ein engasjert musikkterapeut til ei nyoppretta fast stilling i Stryn kommune. Stillinga er organisert i kulturskulen med kulturskulerektor som næraste leiar, med tett samarbeid på tvers i heile kommunen.
Musikkterapi er eit viktig og anerkjent fagområde med dokumentert effekt for ei rekkje målgrupper. Musikkterapi kan nyttast i forebyggande arbeid for barn og unge, vaksne og eldre, samt individ- og grupperetta terapi.
Stryn kommune ønskjer å tilsette ein fagperson som kan styrkje vårt arbeid og som kan bidra til å utvikle eit heilskapleg og personsentrert tilbod i tenestene våre.

Arbeidsoppgåver

-          Vere pådrivar i utvikling av musikkterapitilbod i kommunen
-          Planlegge og gjennomføre musikkterapi individuelt og i grupper
-          Jobbe på tvers med ulike alders- og brukargrupper
-          Samarbeide tett med ulike faggrupper for å integrere musikkterapi i forebyggande arbeid
-          Heve kompetansen i kommunen gjennom rettleiing og fagleg støtte
-          Skape inkluderande aktivitetar som fremmar meistring og livskvalitet for innbyggarane i Stryn kommune
-          Bidra til kulturskulen sitt utviklingsarbeid som ressurssenter i lokalsamfunnet
-          Arbeidsplass er på kulturskulen, men ein må pårekne arbeid på andre einingar i kommunen 

Kvalifikasjonar

-          Godkjent mastergrad i musikkterapi eller tilsvarande utdanning
-          Erfaring med musikkterapi med barn og unge, og/eller i helse- og omsorgsarbeid er ønskjeleg
-          Spesialpedagogisk utdanning/erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
-          Erfaring med musikkterapi 
-          Erfaring frå arbeid med eldre og personar med demens er ønskjeleg
-          Kompetanse i andre kulturskulefag bør nemnast i søknaden
-          Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
-          Førarkort klasse B
-          Må disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

-          Du tek initiativ og er engasjert i å utvikle nye tenester
-          Du er empatisk og trygg i møte med menneske i sårbare livssituasjonar
-          Du byggjer relasjonar og skapar tillit
-          Du er kreativ, fleksibel og tilpassingsdyktig
-          Du trivst i tverrfagleg samarbeid og ønskjer å bidra i fagutvikling
-          Du arbeider sjølvstendig og strukturert, og har god gjennomføringsevne

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr

-          Høg grad av fagleg sjølvstende og påverknadskraft i ei ny rolle
-          Samarbeid i eit musikkterapi-nettverk
-          Variert og spennande arbeid i eit positivt miljø
-          Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
-          Løn etter tariff
-          Gode pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Ingrid Schei Stuhaug, Rektor kulturskulen , 90016334

Arbeidsstad

Tonningsgata 4
6783 STRYN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5082237784
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2026

Ingrid Schei Stuhaug

BedriftIngrid Schei Stuhaug

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Overingeniør / senioringeniør

Sjøfartsdirektoratet

Haugesund14.4. - 4.5.
Ny