MILJØTERAPEUT/MILJØARBEIDAR inntil 60 % vikariat med moglegheit for fast stilling
Om stillingen
Stillinga vil kunne endre seg etter behova til borna. Slik at det vil kunne bli endring til turnus med arbeid 4. kvar helg i avlastningsbustad dersom nokon av borna treng dette.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar :
• Vernepleiar, sosionom, ergoterapeut, sjukepleiar, barnevernspedagog,
barnehagelærar, spesialpedagog, helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.
• Ynskje om erfaring frå arbeid med born med særskilde behov og/eller menneske med
utviklingshemming
• Kjennskap til Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ein fordel, men ikkje
eit absolutt krav
Personlege eigenskapar:
• Du er fagleg engasjert, positiv og set brukaren i sentrum, også i krevjande
situasjonar.
• Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert, fleksibel og ein god
samarbeidspartnar.
• Du er tålmodig og trygg i møte med borna.
• Du likar å være aktiv både inne og ute i all slags vær.
• Du har god norsk munnleg og skrifteleg framstillingsevne.
• God datakunnskap.
Arbeidsoppgaver
Deltaking i den daglege aktiviteten rundt borna. Det vil blant anna seie stell, mating, aktivisering og kommunikasjonsutvikling.
Utarbeide, følgje opp og evaluere arbeidet med ulike planar, særleg plan for det spesialpedagogiske arbeidet, IOP og individuell plan.
Samarbeid med heimane
Ansvarleg koordinator for ein eller fleire av borna
Samarbeid med einingsleiarar ved Kviteseid barnehage, Kviteseid skule og eining for funksjonshemma.
Det forventast, utover dette, at du utfører dei oppgåver som naturlig vil kunne falle inn under stillinga.
- Dersom nokre av borna blir fråverande av ulike orsakar kan du måtte rekne med å bli sett til andre arbeidsoppgåver i skule og barnehagen.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar.
Spanande og variert arbeid.
Lønn etter gjeldande avtale.
Godt arbeidsmiljø.