Om stillingen
Vi søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar i 100 % fast stilling med arbeid primært i heimeteneste for yngre brukarar med funksjonsnedsetting. Delar av stillinga vil vere knytt til ambulerande teneste for heimebuande i Stranda distrikt. Arbeidstid etter til ei kvar tid gjeldande turnus.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
6200 Stranda
Referansenr.: 5152740044
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester til heimebuande personar i aldersgruppa 40 - 60 år med ulik grad av funksjonsnedsetting og heimebuande eldre.
- Ha evne til å styrke den einskilde si mestringsevne og til å leve eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig liv.
- Utarbeide og følge opp mål og tiltaksplanar i samhandling med den einskilde.
- Sikre kvalitet i tenesteytinga i samsvar med gjeldande lovverk og den einskilde sitt behov.
- Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar.
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfagleg høgskule- eller fagarbeidarutdanning.
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetting.
- Du må ha eit genuint ønskje om å gjere kvardagen bedre for menneska rundt deg.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samtidig ha gode evner til samarbeid.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort kl. B. Mottakar av tenesta disponerer bil.
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og løysningsorientert.
- Påliteleg og lærevillig.
- Tolmodig og trygg.
- Ha fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester.
- Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver knytt til den einskilde.
- Opplæring knytt til den einskilde og dei medisinske utfordringane/diagnosar.
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer.
- Moglegheit til å påvirke din eigen arbeidskvardag.
- Veiledning og oppfølging av leiar.
- Arbeid i turnus med arbeid tredje kvar helg.
- Kompetanseheving ved auke i erfaring, e-læring, fagdagar og fagtema på personalmøter.
- Pensjonsordning via KLP.
Kontaktinformasjon
Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180Arbeidsstad
Nymarkvegen 586200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5152740044
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Liv Skarbø Gjærde
Bedrift
Liv Skarbø Gjærde
