Om stillingen
I den gamle prestegarden i Volda sentrum har vi samlokalisert Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten. På Møteplassen Gnisten har vi ledig ei 50% fast stilling som miljøterapeut.
Gnisten er for menneske over 18 år som har, eller har hatt, rus og psykiske vanskar/lidingar. Her møtast ein i ei trygg og opa atmosfære og driv ulike aktivitetar. Forutan turar, yoga og matlaging, driv ein med keramikk, småsløyd, glaskunst, Symjing, måling og handarbeide av alle slag. Miljøterapeutane på Gnisten legg til rette for trivsel og tryggleik, meistring og vekst.
Lågterskeltilboda er ein del av rus- og psykisk helseteneste i Volda komunen og tel 5,5 årsverk. Tenesta som heilheit har 30 årsverk fordelt på fire tenesteområde, der vi tilbyr individuell oppfølging, døgnteneste til heimebuande og lågterskeltilbod.
Arbeidsoppgåver
Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innanfor dei
faglege rammene. Overordna er oppgåva å skape ei trygg ramme for deltakarane på Gnisten, og legge til rette for meistring og vekst. Dette inneber å samarbeide med deltakarar og kolleger rundt kreative aktivitetar. Vere ein god samtalepartner både i grupper og individuelt. Journalføring og kontakt med samarbeidande instansar
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer først og fremst etter miljøterapeut med relevant bachelor; offentleg godkjent sjukepleiar,
sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar eller tilsvarande. - Vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller erfaring frå liknande arbeid er ein fordel.
- Førarkort klasse B (manuell gir) er eit krav og politiattest må leggjast fram.
- Då vi har symjegruppe kvar måndag er det ynskjeleg at søkar har livbergarkurs.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg vaksen som har interesse for psykisk helsearbeid, med gode relasjonelle ferdigheiter og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du er engasjert, tydeleg, strukturert og systematisk i ditt arbeide.
- Du er positiv og klarer å engasjere for aktivitet.
- Du må kunne planlegge og tilrettelegge for ulike aktivitetar.
- Du likar å få ansvar, ser løysingar og er fleksibel.
- Du arbeidar like godt i gruppe som individuelt.
- Du er roleg, tolmodig og stabil i konfliktar og krevjande situasjonar.
- Personleg eigenskapar vil verte avgjerande for kven som blir tilsett.
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein kreativ og spanande jobb der du får vere med på å utvikle Gnisten og tenesta som heilheit. Vi
har eit godt arbeidsmiljø prega av variert kunnskap, godt lagarbeid og mykje humor. Du vil oppleve varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling. Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og veiledning.
Kontaktinformasjon
Yvonne Eliassen, Konst. seksjonsleiar, 90406468, [email protected]
Malene Rovde, Avdelingsleiar, 99011980, [email protected]
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 7
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5036266519
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 20.11.2025

