Jobbsafari
Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde

Miljøterapeut

1 måneder siden
OmrådeNordfjordeid
Søk senest17.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Er du oppteken av å betre folkehelsa for menneske i Nordfjord kva gjeld psykisk helse?
Brenn du for at menneske skal oppleve respekt, likeverd, medverknad og omsorg når dei møter vanskelege periodar i livet? Då kan dette vere arbeidsstaden for deg!

Akkurat no er det deg som har ei sosialfagleg utdanning vi søkjer. Sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar og sjukepleiar kan søkje. 

Vi har ledig 100% fast stilling for miljøterapeut. Oppstart etter nærare avtale.

Ved Nordfjord psykiatrisenter er vi opptekne av å gjere ein innsats for menneske som møter ulike psykiske vanskar i ulike fasar i livet. Ved Seksjon døgn har vi 12 sengeplassar og om lag 30 tilsette. På psykiatrisenteret er vi tre seksjonar med til saman omlag 80 tilsette, mellom andre psykologar, overlegar, lege i spesialisering, sosionom, helsesportspedagog, erfaringskonsulentar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Les meir om Nordfjord psykiatrisenter her.


Vi tilbyr

  • Får jobbe saman med dedikerte og dyktige medarbeidarar med varierte arbeidsoppgåver
  • Interne fagdagar og undervisning for fagleg og personleg utvikling
  • Fokus på eit triveleg og trygt arbeidsmiljø til det beste for oss og pasientane
  • Fleksibilitet til å kunne ta initiativ og påvirke eigen arbeidskvardag
  • Får vere ein del av ein større organisasjon i stadig utvikling

Arbeidsoppgåver

  • Ta vare på og gje behandling til menneske som er i døgnopphald
  • Involvere pårørande i behandlinga til deira nære
  • Kome med faglege innspel for å utvikle tenestene våra til det beste for pasientane
  • Delta i miljøterapeutiske aktivitetar som til dømes turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar 
  • Tredelt turnus inkludert arbeid på natt, arbeid kvar 3. hel

Personlege eigenskapar

  • Evne til å møte pasientar med respekt og eit ope sinn.
  • Evne til å arbeide målretta og vere løysingsorientert
  • Ønskje om fagleg utvikling
  • Trivst med å jobbe og samarbeide i tverrfagleg team
  • Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø og har gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Personlege eigenskapar vert i stor grad vektlagde

Kvalifikasjonar

  • Sosionom, barnevernspedagog, norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Interesse for fagfeltet
  • Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 578 64 335


Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9


6770 Nordfjordeid


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4771975330


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 17.03.2024



Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde

BedriftNordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Lignende stillinger