Lars Ivar Søvik

Miljø/Fagarbeidar

Område

Bergen

Publisert

8.5.2026

Søk senest

22.5.2026

Om stillingen

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. 

Arbeidsoppgåver

Støtte elevane si læring og trivsel ved å bidra aktivt til deira faglege og sosiale utvikling gjennom heile skuledagen.
Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter og kompetanse som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig arbeidsliv
Gjennomføre læringsøkter og praktiske arbeidsoppgåver saman med dyr, og i meir teoretiske fag i tråd med pedagogiske planar.
Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer personar med kompetanse og erfaring som agronom- avløysar eller anna relevant utdanning/erfaring med dyrehald,  samt arbeid retta mot ungdom med samansette utfordringar.

Personlege eigenskapar

Du har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse.
Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig.
Du er tålmodig, raus, tydeleg og strukturert.
Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte.
Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør.
Vi legg vekt på at du er engasjert og personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Lars Ivar Søvik, avdelingsleiar, 95898287

Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5125313446
Stillingsprosent: 87%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.05.2026

Tilbake til toppen

Lars Ivar Søvik

Bedrift

Lars Ivar Søvik

Søk etter flere lignende stillinger

BergenHelse og sosial

Lignende stillinger

Brannforebygger - vikariat 1 år

Bergen Kommune

Bergen8.6. - 21.6.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS