Om stillingen
Askøy vidaregående skule har omlag 700 elevar og 120 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen. Hausten 2023 flytta vi inn i eit nytt skulebygg med moderne undervisningslokaler, og hausten 2024 var også det gamle teoribygget ferdig rehabilitert. Våren 2026 skal Askøy kommune sitt nye idretts- og svømmeanlegg stå ferdig. Vi vil da kunne tilby eit samla, moderne og flott skuleområde.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen særskilt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Vi har no to ledige vikariat som miljøarbeidar på tilrettelagt avdeling. Stillingane følgjer skuleåret, noko som betyr 86,3 % stilling.
Arbeidsoppgåver
Støtte faglærar i undervisinga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassingar.Delta i opplæringsaktivitetar i klasserom, gymsal, på kjøkken, i verkstader og utandørs eller på andre arenaer.
Gjennomføre og/eller ta ansvar for sosiale eller helserelaterte tenester for elevane i skuletida, i tråd med elevane si trong.
Samarbeide med andre fagarbeidarar og lærarar om å planleggje og gjennomføre undervising i tråd med individuelle opplæringsplanar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med relevant fagleg kompetanse retta inn mot ungdom med store behov for tilrettelegging. Du må ha erfaring frå arbeid med ungdom med samansette vanskar, pleie- og omsorgsbehov, utviklingshemming og utfordrande åtferd.Personlege eigenskapar
Eit krav i alle stillingane er at du har eit grunnleggjande positivt elevsyn. Du må vere utåtvend, samarbeidsvillig og kunne arbeide i team. Du må kunne arbeide sjølvstendig, i tråd med elevane sine individuelle opplæringsplanar. Du må vere fleksibel i møte med mange ulike oppgåver i løpet av ein dag, og endringar på kort varsel.Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg eigna. Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Menn blir oppfordra til å søkje.
Vi tilbyr
Eit stort mangfald i elevgruppa, og eit aktivt skulemiljø.
Eit spennande, og godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der eleven står i fokus.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og i avtaleverk for miljøarbeidarar i Vestland Fylkeskommune.
Miljøarbeidar følgjer skuleruta og har eit arbeidsår på 39 veker, med 37,5 timar i veka. 38 veker følgjer skuleruta for elevane, og ei veke (5 dagar) er sett av til planlegging. Med tilsetting eit heilt skuleår utgjer dette 86,3%.
Kontaktinformasjon
Petter Tønjum, avdelingsleiar, +47 97585981Arbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5016684649
Stillingsprosent: 86,3%
Vikar
Startdato: 20.10.2025
Sluttdato: 23.06.2026
Søknadsfrist: 15.10.2025

