Jobbsafari
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT

Microsoft 365 Administrator

24 dager siden
OmrådeBergen
Søk senest30.9.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Helse Vest IKT har ansvaret for produksjonen av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og tryggleik. Dette omfattar rundt 1300 system og omtrent 37 000 tilsette. Seksjonen Skytenester forvaltar og driftar mellom anna Microsoft 365 og Azure. Vi er 11 tilsette som er delt inn i tre team: M365, Azure infrastruktur/Power Plattform og Microsoft 365/Azure sikkerheit. 

Som M365-konsulent i seksjonen Skytenester vil du vere med på å drifte og vidareutvikle M365-plattforma i eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Vi er ute etter deg som har erfaring med å drifte og forvalte Microsoft 365-plattformen som IT-administrator. 
Helse Vest har migrert alle medarbeidarar til Microsoft 365 samt alle SharePoint-sites, og er komne langt i å ta dette i bruk. Hos oss får du høve til å arbeide i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje. Høyrest dette spanande ut? Då vil vi gjerne ha ein samtale med deg!  

Arbeidsstad vil vere Bergen eller Førde.


Arbeidsoppgåver

  • Inngå i Team M365 i seksjonen Skytenester
  • Drift og forvalting av M365 i store organisasjonar
  • 3. linje-støtte for M365 samhandlingstenester
  • Vere med på å utvikle plattformen vidare
  • Gi rådgjevnad og bistand
  • Bidra til å effektivisere prosessar
  • Sikre tryggleik i løysingane, tilgangsstyring og at ein følger samsvarskrav. Det er strenge krav til handsaming av personopplysingar og data i helsesektoren

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse og erfaring med å drifte og forvalte M365 i IT-administrativ stilling er eit krav
  • Sertifisering i eit eller flere av produkta i M365 er ein føremon
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig og har eit ønske om å halde deg oppdatert og vere i forkant innan faget
  • Du er dyktig til å dokumentere løysingar og formulere krav
  • Gode samarbeidsevner
  • Du tar initiativ, og planlegg og prioriterer dine arbeidsoppgåver
  • Du tar ansvar for dine fagsystem og hjelper ved høve til når det oppstår naudsituasjonar utanfor normal arbeidstid

Vi tilbyr

  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet
  • Ei utfordrande stilling i ein organisasjon i endring og vekst
  • Eit godt tverrfagleg og kompetent arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
  • Vi gler oss til å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønskjer seg ein hybrid kvardag, med moglegheit for å variere mellom å arbeide heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Peter Galambos, Seksjonsleiar, +47 46896195


Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29


5052 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT



Referansenr.: 4856442597


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 30.09.2024



Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT

BedriftTenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.



Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.



Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger