Jobbsafari
Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde

Medisinstudentar med lisens

1 måneder siden
OmrådeNordfjordeid
Søk senest17.3.2024
JobbdetaljerVikariat

Om stillingen

Ønskjer du å arbeide med menneske midt i Nordfjord sin vakre natur? Då er dette stillinga for deg!

Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har to ferievikariat for medisinstudentar med lisens i sommarferieperioden: 24.06.2024 - 18.08.2024.

Seksjon rus har 10 døgnplassar og gir tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom andre psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. 

Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom andre psykolog, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. 

Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette. Det er difor viktig at dette vert opplyst tydeleg i søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientbehandling 
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet

Kvalifikasjonar

  • Medisinstudent med lisens
  • Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personleg eigna og gode haldningar
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Trivst med å jobbe i tverrfagleg team 

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • God opplæring
  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord

Kontaktinformasjon

Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS Rus, 578 64 330


Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS Døgn , 578 64 335


Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9


6770 Nordfjordeid


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4776648164


Stillingsprosent: 100%


Vikariat


Startdato: 24.06.2024


Sluttdato: 18.08.2024


Søknadsfrist: 17.03.2024



Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde

BedriftNordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger