Hedda Helene Schaanning

Medarbeidar kultur og ungdom

Område

Valle

Publisert

1.6.2026

Søk senest

15.6.2026

Om stillingen

Er du kreativ, initiativrik og brenn for å jobbe med ungdom? Vil du vere med og skape gode opplevingar og trygge møteplassar for ungdom, og fylle Valle kultursenter med liv, aktivitet og gode fellesskap?
Vi søkjer ein engasjert og inkluderande medarbeidar med særleg ansvar for barne- og ungdomsarbeid. Du vil ha ei sentral rolle i å utvikle og følgje opp aktivitetar og møteplassar for ungdom, og bidra til at kultursenteret blir ein trygg og attraktiv stad å vere.
Du vil jobbe i tett tospann med fagleiar kultur og frivilligheit. Saman skal de planlegge, gjennomføre og vidareutvikle aktivitetar og arrangement, og sikre god drift av kultursenteret. Du vil vere ein del av teamet i Kultur og fritid, og stillinga krev at du trivst både i møte med menneske og med praktiske oppgåver. Stillinga vil kunne vere mellom 60-100% avhengig av tilsagn om ekstern finansiering.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar og utvikle gode møteplassar for ungdom
  • Bidra til å utvikle eit inkluderande og aktivt ungdomsmiljø
  • Kontaktperson for Valle ungdomsråd
  • Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson og byggje gode relasjonar
  • Tverrfagleg samarbeid med bibliotek, kulturskule og andre tenester innaføre eigen organisasjon, delta i planlegging og gjennomføring av arrangement for alle målgrupper
  • Bidra til drift av frivilligsentralen og mobilisere frivillige
  • Vere vertskap ved arrangement (kveld og helg må påreknast)
  • Bidra til dagleg drift og praktiske og tekniske oppgåver i kultursenteret
  • Samarbeide med skule, lag, organisasjonar og andre aktørar
  • Kontaktperson for friluftsliv og turløyper

Kvalifikasjonar

  • Stillinga har ikkje krav til fagutdanning, men du må ha erfaring med arbeid med barn og unge.
  • Erfaring med frivillig arbeid, planlegging av arrangement, og kunne leggje til rette for ulike typar aktivitetar med særleg vekt på barn og unge.
  • Praktisk (og gjerne teknisk) kompetanse er ein fordel.
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg.
  • Digital kompetanse, må kunne bruke digitale verktøy og plattformer effektivt for å kommunisere og nå ut til og engasjere ungdom.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i arbeid med ungdom, og skapar tillit.
  • Du er trygg, tydeleg og inkluderande.
  • Du er initiativrik og likar å skape medverknad og aktivitet.
  • Du er praktisk anlagt, strukturert og løysingsorientert.
  • Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer ope og effektivt med kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Du er ein god lagspelar, og tek ansvar for eigne oppgåver.

Vi tilbyr

  • Du får jobbe tett med ungdom og utgjere ein forskjell.
  • Du får vere med å skape eit levande og inkluderande kultursenter.
  • Du får ein variert og sosial arbeidskvardag.
  • Du får jobbe tett saman med ein fagleiar i engasjert og inkluderande team.
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjonsvilkår og forsikringer

 

Viktig for søknaden din:

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Kontaktinformasjon

Hedda Helene Schaanning, Leiar oppvekst og barnevern, +47 47642462, [email protected]

Arbeidsstad

Kjellebergsvegen 1
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5136258619
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026

Tilbake til toppen

Hedda Helene Schaanning

Bedrift

Hedda Helene Schaanning

Søk etter flere lignende stillinger

ValleHelse og sosial

Lignende stillinger

Project Engineer Subsea Umbilical Systems

Ikm Gruppen AS

Stavanger9.7. - 9.8.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS