Jobbsafari

Me søkjer no etter ein ny energisk økonomi- og kundeservicemedarbeidar

2 måneder siden
OmrådeÅl
Søk senest13.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Me søkjer etter ein ny økonomi- og kundeservicemedarbeidar i inntil 100% fast stilling som ynskjer å bidra til å vidareutvikle Ål kulturhus som eit av landets leiande kulturhus. Vår nye medarbeidar rapporterer til kulturhusleiaren. Arbeidstida er stort sett dagtid, men ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i tilknyting til arrangementsavvikling. Me søkjer etter ein person med både kompetanse og erfaring innan økonomi og kundeservice, og med ei god kulturforståing. Me ynskjer snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåver:

Økonomi 

  • kasseoppgjør
  • kontroll og attestering av innkomande fakturaer
  • kundeinformasjon båe i Visma og DX
  • fakturering av kundar
  • ferdigstille oppgjer etter arrangement
  • rapportering
  • årsoppgjer på enkelte prosjekt
  • lønskøyring

Kundeservice og vertskap

  • booking av møterom
  • oversikt over besøkjande
  • svare på epost og telefon til kulturhuset
  • skranke, med kiosk- og billettsal
  • opplæring av nye tilsette i kiosk
  • sal av kunst frå Galleri Syningen
  • Nesch-museet tilrettelegging av skolebesøk og noko omvisningar
  • noko arrangementansvar
  • systemansvar for ulike digitale system

Kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning innan økonomi
  • solid erfaring kan evt. erstatte formell utdanning
  • solid system- og prosessforståing
  • beherske norsk og engelsk - muntleg og skriftleg. Ål kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk
  • gode datakunnskapar
  • ynskjeleg med erfaring innan digitale verktøy som Visma og DX
  • fleksibilitet og personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar:
Me ser etter ein person som

  • er ein god relasjonsbyggjar
  • bidreg positivt og konstruktivt i samarbeid, både internt i organisasjonen og med eksterne samarbeidspartnarar
  • er serviceinnstilt og positiv
  • meistrar ein hektisk kvardag med høgt arbeidstempo
  • trivast med å hjelpe kundar og verdset gode kundeopplevingar
  • blir motivert av høg aktivitet og ambisiøse mål
  • evnar til effektiv kommunikasjon og god flyt av informasjon
  • er ein person med god struktur som likar orden og system
  • har overblikk og evne til å sjå omfanget av arbeidsdagen
  • jobbar effektivt og målretta for å nå dagens mål og har gode samarbeidsevne
  • ynskjer å bidra til vidareutvikling, er fleksibel, nysgjerrig og nytenkjande

Me tilbyr:

  • fagleg interessant moglegheit til å fylle ei nøkkelrolle på Ål kulturhus
  • konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår, derunder medlemskap i Statens pensjonskasse
  • entusiastisk fagmiljø, med leiande ekspertise på fleire spanande felt innan kunst og kultur
  • lønn etter gjeldande tariffavtale 
  • gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet 
  • gode stønadsordningar og muligheiter for personleg vekst i Ål Kommune gjennom kurs og videreutdanning 

Velkomen som søkjar! 


Link til søknadsskjema:

Søk her

Kulturhuset AS

Lignende stillinger